Le Nouvelliste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Le Nouvelliste er ei franskspråkleg avis som kjem ut dagleg i Port-au-Prince i Haiti og vert distribuert til heile landet – særleg i hovudstaden og 18 av dei større byane.

Avisa vart grunnlagd i 1898 av Guillaume Chéraquit, opphavleg under namnet Le Matin, men vart Le Nouvelliste femten månader seinare. Trykkinga var det venen Henri Chauvet som stod for. I dag er Le Nouvelliste den eldste og største dagsavisa i landet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]