Lea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reklameplakat for mellom andre buktalaren Leah Bell.
Kunstnaren Lea Grundig.

Lea og Leah er namn som kan brukast som kvinnenamn, stadnamn og slektsnamn. Førenamnet Lea har namnedag i Sverige den 26. juni og i Noreg den 28. juni.

Tyding[endre | endre wikiteksten]

Som personnamn kan namnet koma frå det hebraiske namnet Leah (לֵאָה). Tydinga av dette namnet er ukjend, men det kan tyda 'villku', 'svekka' (frå לְאָה, le'ah) eller koma frå eit kaldeisk namn som tyder 'herskarinne'.[1] Lea er mellom anna nemnd i Bibelen som den første kona til patriarken Jakob, stammora til seks israelsstammar.[2] Lea kan også stamma frå italiensk som ei kvinneleg form av namnet Leo, 'løve', eller avleidd av gresk Leaina, 'holøve'.[3] Dette namnet kan også ha forma Lia.

Det engelske stad- og etternamnet Lea er i slekt med Lee. Ordet har gjerne gammalengelsk opphav og kan visa til ein stad i skogen eller ei glenne. Elva Lea har derimot keltisk opphav og usikker tyding, kanskje 'lett elv'.[4]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Namnet har lenge vore brukt i jødisk tradisjon, men blei først vanleg blant kristne etter reformasjonen.[5]

Lea er eit vanleg norsk etternamn. Ved byrjinga av 2008 var det 730 vaksne i Noreg som hadde dette etternamnet, i følgje SSB.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Berre Lea:

Stadnamn[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ivar Utne, FORKLARINGER PÅ FORNAVN, SOM SVAR PÅ SPØRSMÅL 20.9.2004 og seinare; behindthename.com, begge vitja 28. juni 2009
  2. «1 Mos 16-17,23,29». Bibelen. 
  3. about.com, arkivert frå originalen 21. september 2007, henta 28. juni 2009 
  4. A.D. Mills, Dictionary of English Place Names, Oxford University Press 1998.
  5. behindthename.com, vitja 28. juni 2009