Leaf by Niggle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Leaf by Niggle er ei novelle av J.R.R. Tolkien, skriven i 1938, og er rekna som ein sjølvbiografisk allegori.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Niggle (omsett Pirke eller Fikle), er ein målar av lite verd, som mest av alt er oppteken av å teikne tre av ulike slag, og svært glad i å teikne lauv. Visjonen hans er å laga eit stort tre, som skal romme alle lauvblada hans. Dette verket brukar han mykje tid på, trass i at grannelaget ikring meiner han heller skulle nytte tida på å stelle hagen sin, eller hjelpe den uføre naboen, ein mr Parish. Men med tida blir Niggle oppslukt av arbeidet med treet sitt, og dette tek meir og meir plass. Han lappar biletet saman av fleire han har laga før, og snart er det ikkje plass i skuret han arbeider i. Samstundes veit han at han har skjøtta tida dårleg, og veit ei lengre reise står for døra (døden). Denne reisa blir han henta til utan varsel før biletet er ferdig, og samstundes som Parish treng lereft til å tekkje det lekke taket sitt. Og Niggle har lereft så det held.

Niggle hamnar i eit slag skiringsheim, der han blir sett til å arbeide hardt og til faste tider. Han lærer å samle seg, og med tida får han sleppe til "betre stell", der han brått kjem beint inn i det landskapet han sjølv har laga til, med treet i midten. Her ligg det eit hus, og Niggle, med Parish som følgje, tek seg tid til å gjera landskapet ferdig. Når verket er fullbyrda, tek Niggle til å sjå mot fjella i det fjerne, og tek ut på neste reiseetappe dit. Parish blir verande for å vente på kona si som skal stelle inne.

To røyster som drøfter Niggle undervegs, fortel at dette verket no blir innlemma i Guds skaparverk, som ein stad farande folk kan finne kvile: Niggle´s Parish (Pirkes Sogn).

I den "primære verda" får vi høyre korleis heile Niggles verk går tapt og blir gløymt, utan eit einskilt bilete av eit einskilt lauvblad, som blir hengande på eit museum ei tid: "Leaf by Niggle". Den "jordiske" arven blir såleis gløymt, medan verket blir ståande att i "det neste livet".

Tema[endre | endre wikiteksten]

Novella seier mykje om Tolkiens syn på kunst og skaparverk, og noko om hans eiga rolle som forplikta til å forelese om vitskaplege emne, samstundes som han gjerne ville byggje vidare på si eiga verd. Det er mange religiøse tilvisingar, mellom anna til livsens vatn, og til fjella, som er nemnde i Salmanes bok: "Eg løfter auga mine til fjella, kvar skal hjelpa mi koma frå?"

Lauvbladet er av nokre tolka som boka Hobbiten, som han sjølv rekna med ville overleva om ikkje noko anna gjorde det.

Leaf by Niggle finst i samlinga Tree and Leaf, saman med Mythopoeia og avhandlinga On fairy-stories.