League

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

League, legua eller lieue er ei gammal måleining for lengd som vart nytta i Vest-Europa. Han var opphavleg ca. 2,5 km og seinare 3 mil.

I Storbritannia nyttar ein anten statute league som er 4,83 km eller nautical league som er 5,56 km. I Spania var ein legua først lik 5,56 km og seinare 6,69 km. Legua med omtrent same lengd har vore brukt i dei fleste latinamerikanske land. Etter at metersystemet vart innført vart legua i desse landa nytta som nemning for 10 km.

I Frankrike var ein lieue anten 3000 toise eller 5,85 km, ein lieue de terre var 4,444 km, medan lieue marine (20 på éin ekvatorgrad)var 5,555 km, og lieue kilométrique var lik 4 km . Sistnemnde er enno i bruk i Mauritius.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Holtebekk, Trygve. (2009, 14. februar). League. I Store norske leksikon. Henta 12. november 2013 frå http://snl.no/league.
  • Lieue. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 12. november 2013 frå http://snl.no/lieue.