Leah Isadora Behn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leah Isadora Behn (fødd 8. april 2005) Ho er dotter av prinsesse Märtha Louise og forfattaren Ari Behn. Namnet Leah kjem av Leah, som er ei av urmødrene i jødedomen. Namnet Isadora skal tyda «fri, ukonvensjonell og kreativ kvinne». Ifølgje foreldra er namnevalet inspirert av at Ari har reist mykje i Midt-Austen, prinsesse Leia i Star Wars og dansaren Isadora Duncan. Dette fortalde dei i samband med dåpen 16. juni 2005, der dronning Sonja var gudmor.
Leah Isadora er nummer seks i arverekkja til den norske trona, etter mor si og si eldre syster Maud Angelica.
Slik som mora stammar Leah Isadora direkte ned frå dronning Victoria av Storbritannia. Ho står difor på lista over dei som har arverett til den britiske trona.
Sjå òg [endre]
| Føregjengar Maud Angelica Behn |
Den norske tronfylgja |
Etterfylgjar Emma Tallulah Behn |
|
|
|
|---|---|
| Kongehuset | Harald V av Noreg · Sonja av Noreg · Haakon Magnus av Noreg · Mette-Marit av Noreg · Ingrid Alexandra av Noreg |
| Kongefamilien | Sverre Magnus av Noreg · Marius Borg Høiby · Märtha Louise av Noreg · Ari Behn · Sverre Magnus av Noreg · Maud Angelica Behn · Leah Isadora Behn · Emma Tallulah Behn · Prinsesse Astrid, fru Ferner · Johan Martin Ferner |