Leah av Roy Orbison

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leah
Singel av Roy Orbison
A-side

«Working for the Man»

Utgjeve 8. september 1962
Innspelt 1962
Sjanger Pop
Lengd 2:42
Selskap Monument 45-467
Låtskrivar(ar) Roy Orbison
Roy Orbison-kronologi 
«The Crowd»
(1962)
Leah «In Dreams»
(1963)


«Leah» er ein song skriven og framført av Roy Orbison. Songen vart gjeven ut som B-sida til singelen «Working for the Man» i september 1962. Begge songane vart framførte med Bob Moore's Orchestra and Chorus.

Songen har ein polynesisk melodi med bongotrommer, hawaiigitar og marimbar, som skapar ei tropisk stemning, sjølv om teksten har eit meir morbid tema. Songaren druknar medan han dykkar etter perler for kjærasten sin, men i slutten syner det seg at det berre var ein draum.[1].

Singelen nådde 33. plassen på singellista i USA, men gjekk heilt til topps i Australia.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1962) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 25
Australia 1
Canada 19

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]