Lecco
| Lecco | |||
|---|---|---|---|
|
|||
| Plassering | |||
|
|
|||
| Styresmakter | |||
| Land Region Provins |
Lombardia Lecco |
||
| Borgarmeister | Antonella Faggi | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - By |
45 km² |
||
| Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
47 006 1011/km² |
||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||
| Høgd over havet | 214 m | ||
| Diverse annan informasjon | |||
| Postnummer | 23900 | ||
| Telefon-retningsnummer | 0341 | ||
| Nettstad: www.comune.lecco.it | |||
Lecco er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Lecco i regionen Lombardia og har om lag 45 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 50 km nord for Milano i enden av den søraustlege greina av Comosjøen. Foten av Alpane stig opp i nord og aust og Valsassina strekk seg gjennom dei og sørover mot Lecco.
Elva Adda renn ut frå Comosjøen ved Lecco og det er bygd tre bruer over elva her: Azzone Visconti-brua (1336-1338), Kennedybrua (1956) og Alessandro Manzoni-brua (1985).
Hovudnæringa i byen var tidlegare basert på industri (jernframstilling).
[endre] Historie
Ein har arkeologiske spor etter keltiske busetjingar i området før romarane kom til området. Romarane bygde ei castrum her og gjorde han til eit viktig trafikknutepunkt. Etter Vestromarriket sitt fall erobra langobardar byen på 500-talet og dei vart ettefulgt av frankarar, som gjorde Lecco til sete i eit grevskap og seinare i eit grenseland.
Keisar Otto I var lenge i Lecco og slo ned på opprøret leia av grev Attone i Lecco mot Det tysk-romerske riket i 964. Seinare kom byen inn under klosteret St. Ambrose i Milano. Konrad II haldt seg òg ein del av i Lecco i forøk på å frigjere han frå kyrkja, men som følgje av krigen vart byen underlagt Milano. Frå her følgjer byen histora til Hertugdømet Milano og Lombardia. Tidleg på 1500-talet var han ei kort stund styrt av condottiere Gian Giacomo Medici.
Under den andre verdskrigen vart han eit viktig senter for partisankrigen mot dei tyske okkupantane.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Lecco frå Engelsk Wikipedia .