Lech

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lech
Lech i Augsburg
Lech i Augsburg
Utspring Dei nordlege kalksteinsalpane
- Høgd 1 865 m
Munning Donau
- Høgd 392 m
Land i nedslagsfelt Tyskland, Austerrike
Lengd 264 km
Middelvassføring 200 m³/s
Nedslagsfelt 4 126 km²
Kart over Lech og nedslagsfeltet
Fossestryk i Lech, nær Füssen

Lech (Licus, Licca) er ei elv i Austerrike og Tyskland, og ei av sideelevene til Donau frå høgre med ei lengd på 264 km og eit nedslagsfelt på 4 126 km².

Ho har sitt utspring frå innsjøen Formarinsee i Alpane i den austerrikske delstaten Vorarlberg. Ho renn i retning nord-nordaust og kryssar grensa til Tyskland ved Lechfall, ein tolv meter høg foss, før ho går inn i eit smalt gjel (Lechschlucht). Ho går så innover Fussensletta i Bayern der ho tidlegare danna grensa til Schwaben. Ho renn gjennom byen Füssen og så ut i Forggensee. Her dannar ho elvestyrk.

Elva renn vidare nordover gjennom eit område kalla Lechrain og gjennom byane Schongau, Landsberg, Augsburg (der ho renn saman med Wertach) og Rain, før ho renn ut i Donau like forbi Donauwörth. Det er ikkje mogeleg med transport på elva på grunn av dei strie straumane og stundom grunne grusparti. Frå Neuschwanstein-slottet, nær Füssen, kan ein få eit flott utsyn over Lechdalen.

Fleire gonger gjennom tidene har elvebreidda vore åstad for historiske hendingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lech