Lech Kaczyński

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lech Kaczyński

Lech Aleksander Kaczyński Høyr Høyr (fødd 18. juni 1949, død 10. april 2010) var ein polsk politikar og president i Polen frå 2005 til 2010.

Saman med tvillingbror sin, Jarosław Kaczyński, var Lech Kaczyński partileiar for partiet Prawo i Sprawiedliwość (Lov og rettferd).

I det polske presidentvalet den 23. oktober 2005 fekk Kaczyński 54,04 % av stemmene. Han tiltredde embetet i desember.

Kaczyński døydde i ei flyulukke ved Smolensk i Russland i april 2010. I same ulukke omkom kona hans, den polske sentralbanksjefen, vise-utanriksministeren, hærsjefen og stabssjefen til presidenten.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stine Barstad og Marin Skjæraasen (10. april). Polens president omkom i flyulykke. Aftenposten. Vitja 10. april.
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.