Ledd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Diagram av eit typisk synovialledd (diartrose eller «ekte ledd»). Frå øvre venstre mot klokka: muskel; leddhole; bursa (slimpose); leddkapsel og synovialhinne; sene; senefeste (entese); senefeste; leddband; leddbrusk; epifyse; senefeste.

Eit ledd eller ein artikulasjon (av lat. articulus, junctura eller articulatio) skildrar området der to knoklar møter kvarandre.[1][2][3] Dei er bygd for å støtte rørsle (med unntak av ledda i skallen, korsbeinet, brystbeinet og bekkenbeinet) og for å gje mekanisk støtte. Dei vert klassifiserte som strukturelle (faste) og funksjonelle (rørlege eller «frie»).[4]

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Ledd har i hovudsak ei strukturell og funksjonell klassifisering. Strukturell klassifisering er bestemd av korleis knoklane festar seg til kvarandre, faste ledd, medan funksjonell klassifisering er bestemd av graden av rørsle mellom dei artikulerande knoklane, rørlege ledd. I praksis så er det ei monaleg overlapping mellom dei to klassifiseringsformene.

Ein leddfasett vert i hovudsak rekna som eit lite ledd, særleg når ein snakkar om ledda i ribbeina.[5][6]

Faste ledd (bindevev)[endre | endre wikiteksten]

Strukturell klassifisering namngjev og delar ledd i høve til bindevevstypen som festar knoklane til einannan.[7] Det finst tre strukturelle klassifiseringar av ledd:[8]

  • fibrøse ledd — festa med kompakt, regelmessig bindevev som er rikt i kollagenfiber[9]
  • bruskledd — festa med brusk
  • synovialledd — ikkje direkte festa — knoklane har ei leddhòle og er sameina av kompakt, uregelmessig bindevev som dannar leddkapselen som vanlegvis har tilknyting til aksessoriske ligament[9]

Rørlege ledd[endre | endre wikiteksten]

Ledd kan òg klassifisast funksjonelt i høve til typen og graden av rørsle:[7][8]

Ledd kan òg klassifiserast i høve til kor mange aksar dei rører seg i: einaksa ledd (monoaksiale eller uniaksiale), toaksa ledd (biaksiale) og fleiraksa ledd (multiaksiale).[14] Ein annan klassifisering baserar seg på fridomsgraden til leddet, og vert delt mellom éin, to eller tre fridomsgrader.[14] Ein annan klassifisering er i høve til talet på leddflater, og formene på desse: flate, konkave og konvekse overflater.[14]

Biomekanisk klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Ledd kan òg klassifiserast i høve til dei anatomiske eller biomekaniske eigenskapane til ledda. Dei kan delast inn anatomisk i enkle, samansatte og komplekse, avhengig av kor mange knoklar som er involvert:[15]

  1. Enkle ledd: to leddflater (t.d. skulderleddet eller hofteleddet)
  2. Samansatte ledd: tre eller fleire leddflater (t.d. handleddet)
  3. Komplekse ledd: to eller fleire leddflater med ei leddskive eller ein menisk (t.d. kneleddet)

Anatomisk[endre | endre wikiteksten]

Ledd kan òg klassifiserast anatomisk i dei følgjande gruppene:

  1. handledda
  2. olbogeledda
  3. skulderledda
  4. sternoklavikularledda
  5. vertebralledda
  6. kjeveledda
  7. sakroiliakaledda
  8. hofteledda
  9. kneledda
  10. fotledda

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Holck, Per (13. februar 2009). «ledd». Store Medisinske Leksikon. Henta 5. januar 2015. 
  2. «Joint definition». eMedicine Dictionary. 27. april 2011. Arkivert frå originalen 22. januar 2012. Henta 27 January 2012. 
  3. «Articulation definition». eMedicine Dictionary. 30 October 2013. Arkivert frå originalen 31. juli 2012. Henta 18. november 2013. 
  4. Ellis, Harold; Susan Standring; Gray, Henry David (2005). Gray's anatomy: the anatomical basis of clinical practice. St. Louis, Mo: Elsevier Churchill Livingstone. s. 38. ISBN 0-443-07168-3. 
  5. «Medilexicon - Medical Dictionary - Articular Facet». Arkivert frå originalen 6. august 2016. Henta 19. desember 2013. 
  6. «Foundational Model of Anatomy». Arkivert frå originalen 19. desember 2013. Henta 19. desember 2013. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Whiting, William Charles and RuggDynatomy, Stuart (2006) Dynamic Human Anatomy, Volume 10 p.40
  8. 8,0 8,1 8,2 «Introduction to Joints (2) - Joints - Classification by Movement». anatomy.med.umich.edu. Arkivert frå originalen 18. juli 2011. Henta 10. juni 2012. 
  9. 9,0 9,1 Principles of Anatomy & Physiology, 12th Edition, Tortora & Derrickson, Pub: Wiley & Sons
  10. synovial joint Dorland's Medical Dictionary
  11. Samuel George Morton (1849) An Illustrated System of Human Anatomy p.119
  12. Henry Gray (1859) Anatomy, descriptive and surgical p.136
  13. Henry Gray (1887) Anatomy, descriptive and surgical p.220
  14. 14,0 14,1 14,2 Platzer, Werner (2008) Color Atlas of Human Anatomy, Volume 1, p.28
  15. «Introductory Anatomy: Joints». Henta 29. januar 2008.