Leddbuss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Volvo B10M i Chiba i Japan.

Leddbuss er ein lang buss som er ledda på midten. Den fremste delen er i grove trekk bygd opp som ein vanleg toaksla buss. Den bakre delen er festa til framparten med ei svingskive. Mellom dei to delane er det plassert ein kraftig gummibelg.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Svingskiva i ein leddbuss.

Oppbygginga minner om ei trekkvogn med semitrailer, men svingskiva er plassert om lag midt mellom bakakselen på fremre og bakre del. Dette gjer at hjula på bakdelen sporar mykje betre enn ein semitrailer. Mange leddbussar har òg styring på dei bakerste hjula. Dei ver då styrte i motsett retning til framhjula på bussen, slik at dei fylger same spor som bakhjula på framdelen.

På dei fleste leddbussane er motoren plassert heilt bakast på bakdelen (hekkmotor), med drift på den bakaste akselen. Volvo og MAN hadde lenge motoren på den fremre delen og drift på den midtre hjulgangen, men dei siste modellane har hekkmotor. Ei føremon med hekkmotor er at golvet, og difor innstigingshøgda, kan lagast lågare enn det er mogleg når motoren er plasser under golvet i den fremre delen. Men på vinterføre kan det skapa problem at det er dei bakste hjula som skuvar bussen på grunn av at midtakselen kan skli ut når det er knekk i leddet. Det har difor vorte utvikla hydraulisk blokkerer leddet om det svingar meir enn det skal i høve til rattutslaget.

Dobbeltleddbuss[endre | endre wikiteksten]

Van Hool leddbuss, bygd på Volvo-chassis, med to ledd. Lengd 24,8 m.

Nokre leddbussar er tredelte, med to ledd. Desse vert berre nytta på spesielle trasear med mykje trafikk og er førebelt ikkje særleg utbreidde. Dei vert nytta i Brasil, men òg i nokre byar i Frankrike, Nederland og Tyskland. I Göteborg i Sverige er dei òg i drift på nokre sterkt trafikkerte ruter. Både MAN, Mercedes-Benz, Van Hool og Volvo produserer dobbeltleddbussar. I Zörich i Sveits er nokre trolleydobbeltleddbussar i drift [treng kjelde].

Dobbeltdekkarleddbuss[endre | endre wikiteksten]

Neoplan dobbeltdekkarleddbuss.

Dobbeltdekkarleddbussar er lite utbreidde, men den tyske bussprodusenten Neoplan har produserer slike bussar [1]. Dei var opphavleg tenkt nytta som turistbussar, men nokre av dei og har vore i drift i Luzern og Zürich [treng kjelde]. Marknad for dobbeltdekkarleddbussar er likevel for liten til at dei store produsentane har funne det attraktivt å utvikla slike bussar.

Bruk av leddbussar[endre | endre wikiteksten]

Lønskostnadar utgjer ein stor del av driftsutgiftene, så di fleire passasjerer kvar sjåfør transporterer di meir økonomisk vert drifta. Leddbussar vert fyrst og fremst nytta i større byar, der det er nok passasjerar til å utnytta kapasiteten.

Leddbussar har større kapasitet enn uledda dobbeltdekkarar. På grunn av at dei har fleire og større dører går det fortare å fylla og tømma dei, så opphaldet på kvar haldeplass vert stuttare. Ein unngår dessutan faren for at passasjerane ramlar ned trappa til øvre dekk og skadar seg. Det har òg meir plass for rullestolar og barnevogner. Ein annan føremon er at dei er stabilare enn dobbeltdekkarar, noko som er av stor verde på vinterføre.

Leddbussar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I fylje [2] vart dei fyrste leddbussane i Noreg sette i ruta av Oslo sporvegar i 1981. Trondheim trafikkselskap innførte prøvedrift med leddbussar ikkje lenge etterpå [treng kjelde].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Neoplan Jumbocruiser, Omnibusarchiv.de, 5/9-2207.
  2. Veteranbusser, Busshobby.org, 1/5-2005.