Leddyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Leddyr


Vassloppe
Vassloppa Daphnia magna

Systematikk
Domene: Eukaryotar
Rike: Dyr
Rekkje: Arthropoda

Leddyra er den største dyregruppa på jorda, og omfattar over ein million kjende artar. Dei vert kjenneteikna ved å ha eit eksoskjelett og ein tydeleg tagmatisert kropp; det vil seie at kroppen er bygd opp av fleire ulike mindre segment som har fusjonert og spesialisert seg til ulike funksjonar.

Til leddyra høyrer m.a. insekta, edderkoppdyra, krepsdyra, skolopendrane og tusenbeina. Gruppa finst i alle slags habitat over heile kloten, og er påvist i over 500 millionar år gamle fossil.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Leddyra er protostome eucoelomatar med tilbakedanna kroppshole og ope blodkarsystem. Dei har segmentert kropp, kor fleire segment saman dannar større strukturar. Opphavleg trur ein desse kroppane har vore metameriske som hjå leddmakk - at segmenta har sett like ut - men hjå dagens arthropodar har dei i stor grad fått spesialiserte funksjonar. Dette er kjend som tagmose.

Ein leddyrkropp er dekt av eit ytre skjelett av kitin og vassavstøytande lipoprotein. Dette vert skild ut or hypodermis, som svarar til epidermis hjå menneske og er det ytste laget dyret har av levande cellevev. Fordelane med eit eksoskjelett er at det stabiliserer kroppen og gjev muskelfeste. Det syt òg for at dyret kan stå oppreist utan å bruka muskelkrefter. Baksida av medaljen er at alle dyr med dette må skifta skal undervegs i livsløpet for å kunne halda fram veksten sin. I tillegg er eksoskjelettet tungt; noko som gjer at leddyr aldri kan bli spesielt store med mindre dei lever i vatn.

Ein annan fordel leddyra har framfor mange andre virvellause dyr er dei ledda ekstremitetane deira. Desse vert brukt til rørsle, matinntak, forsvar og sansing; og sit i par på dei ulike kropssegmenta. Det er leddelinga i beina som er det viktigaste skiljet mellom Arthropoda og dei nærskylde rekkjene Onynchophora (fløyelsdyr) og Tardigrada (bjørnedyr).

Underrekkjer[endre | endre wikiteksten]

Trilobittar[endre | endre wikiteksten]

Elrathia kingi er ein typisk trilobitt

Trilobittane levde for 540-250 millionar år sidan i paleozoikum-tida, og levde i havet. Dei fanst i eit breitt spekter av økologiske nisjar, og varierte i storleik frå nokre få millimeter til ein dryg meter. Det er denne dyregruppa me finn flest av i norske fossilførande lag.

Trilobittane hadde tredelt kropp beståande av hovud, thorax (mellomkropp) og pygidium (hale). Dei skilde seg frå moderne leddyr m.a. ved å ha eksoskjelettplater berre på oversida.

Cheliceratar[endre | endre wikiteksten]

Edderkoppen Brachypelma sp.

Cheliceratane, eller klosaksdyra, lever i alle habitat og omfattar dolkehalar, sjøskorpionar †, havedderkoppar og edderkoppdyr. Desse har todelt kropp delt i prosoma og opisthosoma, og er vanlegvis utrusta med fire beinpar.

Prosoma, eller framkroppen, består av åtte segment og eit presegmentalt acron. Dei to første segmenta er utan ekstremitetar, medan chelicerane eller klosaksane som har gjeve gruppa namnet sitt sit på tredje. Dette er skarpe kjevedelar som ved mange høve inneheldt gift. Fjerde til åttande segment bèr som regel beinpar eller pedipalpar.

Opisthosoma eller abdomen består av tolv segment og eit postsegmentalt telson. Telsonet er ein slags hale som er mest tydeleg hjå dolkhalar og skorpionar. Edderkoppane manglar dette, men har i staden spinnvorter som produserer silke her. Ekstremitetane på bakkroppen er som regel sterkt tilbakedanna eller redusert til gjellestrukturar.

Krepsdyr[endre | endre wikiteksten]

krabbane høyrer til dei mest kjende krepsdyra

Krepsdyra, Crustacea, lever i havet, i ferskvatn eller i fuktige terrestriske habitat. Desse har tredelt kropp beståande av hovud, thorax og abdomen eller pleon, men ved mange høve smeltar hovud og thorax saman til ein cephalothorax.

Hovudet ber to par antenner, eit par fasettaugo og tre par munndelar kalla maxillar og mandiblar. Thorax og pleon ber ei rekkje laterale ekstremitetar, inkludert gjellene, og ender i eit telson.

Krepsdyra opptrer i ei rekkje ulike former, men har det til felles at larvestadiet tek til med ei såkalla naupliuslarve. Dei er òg dei einaste nolevande leddyra med klart todelte (=birame) ekstremitetar.

Mangefotingar[endre | endre wikiteksten]

Tusenbein er dei mangefotingane med flest bein.

Mangefotingane (Myriapoda) består m.a. av tusenbein og skolopendrar, og er dei sterkast metameriske leddyra. Kroppen deira består av eit hovud og ei lang rekkje like segment (15-375) med eit gitt tal på ekstremitetar. Alle artane lever på land, fordi trakéopningane deira ikkje kan lukkast, og gruppa omfattar både rovdyr og planteetarar.

Seksfotingar[endre | endre wikiteksten]

biller er dei mest talrike dyra på kloten.

Seksfotingane (Hexapoda) er seksbeinte leddyr med ein tredelt kropp som består av hovud, thorax og abdomen. Det er beskrive rundt 900 000 artar i denne underrekka, og om lag 3500 nye kjem til kvart år. Forskarar anslår at det finst mellom 5 og 80 millionar artar av dei.

Dei fleste seksfotingar er insekt.

Klassifikasjon[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Leddyr