Lednica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lednica
Lednica - Symbolsk port forma som ein fisk.
Symbolsk port forma som ein fisk.
Stad Storpolske voivodskap
Koordinatar 52°33′N 17°22′EKoordinatar: 52°33′N 17°22′E
Tilknytte land Flag of Poland.svg Polen
Overflateareal 3,48 km²
Høgd over havet 110 m

Lednica er ein innsjø og ein park i Polen i Storpolske voivodskap. Han ligg mellom Poznań og Gniezno. Innsjøen og parken er kjend for dei årlege ungdomsmøta som finn stad her i mai eller juni. Denne religiøse hendinga varer i to dagar. Høgdepunktet for festivalen er ei vandring om natta under ein stor stålkonstruksjon forma som ein fisk, eit symbol for kristendom.

Staden vert rekna som ein mogeleg stad der Polen vart kristna og staden der den første historiske herskaren av Polen, Mieszko I tok imot kristendomen i 966. Ei øy i innsjøen heiter Ostrów Lednicki og inneheld ruinar av busetnader og restar av religiøse bygg frå 900- og 1000-talet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Polen å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.