Leeds United

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Leeds United
[[Fil:Leeds United-Galatasaray match in 20 April 2000.jpg|235px| ]]
Fullt namn Leeds United
Kallenamn The Whites
Grunnlagd Ukjend
Heimebane Elland Road,
i Leeds
(Kapasitet: 40 242)
Styreleiar Ken Bates
Hovudtrenar Simon Grayson
Liga Football League Championship
2010/11 7. plass
Nettstad leedsunited.com
Heimedrakt
Bortedrakt

Leeds United Association Football Club er ein engelsk profesjonell fotballklubb. I 2010/2011-sesongen spelar dei i Football League Championship, det andre nivået i engelsk fotball, etter å ha rykt opp i 2010. Klubben vart stifta i 1919, og vart vald inn i The Football League i 1920. «The Whites», som er kallenamnet til Leeds United, spelar heimekampane sine på Elland Road i Leeds. Byen Leeds ligg i den engelske regionen Yorkshire og Humber, kring sju mil aust for Manchester og fem mil nord for Sheffield.

Innhaldsliste

Historie [endre]

Starten [endre]

Leeds United vart grunnlagt som ein etterfylgjar av den tidlegare klubben i Leeds, Leeds City. City vart ekskludert frå ligaen på grunn av ulovlege utbetalingar til spelarar i løpet av første verdskrig.

Tida under Don Revie [endre]

Laget levde stort sett eit heistilvære mellom dei to øvste divisjonane fram til dei fekk den tidlegare engelske landslagspelaren Don Revie som manager, i mars 1961. På grunn av økonomiske problem i klubben hadde Revie ein tung 1961/62 sesong, og ein siger i siste kamp redda laget frå nedrykk til 3 divisjon. To år seinare var alt mykje lysare for klubben og Leeds var igjen klar for Englands øverste divisjon. Dei neste 10 åra kan skildrast som Leed si stordomstid med mellom anna 2 ligameisterskap. I Revie sin siste sesong som manager spela laget dei første 28 seriekampane utan å tapa, og laget vart ofte kalla «Super Leeds» i denne tida.

Etter Revie [endre]

Den neste manageren i Leeds vart Brian Clough. Han hadde hatt stor suksess med Derby County, men vart rekna som omstridd og fekk sparken i Leeds allereie etter 44 dagar. Klubben heldt seg i toppserien utover på 1970-talet, men hadde ikkje like gode plasseringar som dei hadde hatt under Revie. I sesongen 1981/82 rykte laget ned frå 1. divisjon og på 1980-talet vart dei verande i denne divisjonen. Howard Wilkinson, som vart tilsett som manager i oktober 1988, greidde å få laget attende til toppdivisjonen. Her gjekk det betre enn dei aller fleste hadde trudd og i 1991/92 hadde laget igjen vorte engelske ligameistrar. Klubben vart i den øvste divisjonen i 14 år før dei etter 2003/04 sesongen igjen rykte ned til det som då hadde vorte til Football League Championship.

Meisterskap [endre]

  • Engelske ligamestarar: 1968/69, 1973/74 og 1991/92.
  • Vinnar av FA-Cupen: 1972.
  • Finalist i FA-Cupen: 1965, 1970 og 1973.
  • Vinnar av Ligacupen: 1968.
  • Finalist i Ligacupen: 1996.
  • Finalist i serievinnarcupen (før Meisterligaen): 1975
  • Vinnar av FA Charity Shield: 1969 og 1992.
  • Vinnar av FA Youth-cup: 1993 og 1997

Spelarstall 2010/11-sesongen [endre]

(Per 1. september 2010)
Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1 Flagget til Danmark MV Kasper Schmeichel
2 Flagget til England F Paul Connolly
3 Flagget til Australia F Patrick Kisnorbo
4 Det irske flagget F Alex Bruce
5 Flagget til Skottland F Neill Collins
6 Flagget til England F Richard Naylor (kaptein)
7 Flagget til Elfenbeinskysten M Max Gradel
8 Flagget til Australia M Neil Kilkenny
9 Flagget til England A Billy Paynter
10 Flagget til Argentina A Luciano Becchio
11 Flagget til England M Lloyd Sam
12 Flagget til England MV Shane Higgs
13 Det amerikanske flagget A Mike Grella
14 Flagget til England M Jonathan Howson
15 Flagget til England M Adam Clayton
Nr. Posisjon Spelar
16 Flagget til England M Bradley Johnson
18 Flagget til England M Sanchez Watt (på lån frå Arsenal)
19 Flagget til England F Ben Parker
20 Flagget til England F Jason Crowe
21 Flagget til Argentina F Fede Bessone
22 Flagget til England M Andy Hughes
23 Flagget til Skottland M Robert Snodgrass
26 Flagget til England F Leigh Bromby
27 Flagget til Sør-Afrika A Davide Somma
28 Flagget til England M Andy Robinson
32 Flagget til England F Aidan White
37 Flagget til England F Will Hatfield
44 Flagget til Skottland A Ross McCormack
–– Flagget til Honduras M Ramón Núñez

Kjende spelarar [endre]

Leeds United sine managerar [endre]

Manager Periode Manager Periode
Arthur Fairclough (1920-1927) Jimmy Adamson (1978-1980)
Dick Ray (1927-1935) Allan Clarke (1980-1982)
Billy Hampson (1935-1947) Eddie Gray (1982-1985)
Willis Edwards (1947-1948) Billy Bremner (1985-1988)
Frank Buckley (1948-1953) Howard Wilkinson (1988-1996)
Horatio Carter (1953-1958) George Graham (1996-1998)
Bill Lambton (1958-1959) David O'Leary (1998-2002)
Jack Taylor (1959-1961) Terry Venables (2002-2003)
Don Revie (1961-1974) Peter Reid (2003)
Brian Clough (1974) Eddie Gray (2003-2004)
Jimmy Armfield (1974-1978) Kevin Blackwell 05/2004 -
Jock Stein (1978)

Bakgrunnsstoff [endre]


Fotball | Football League Championship | 2010/11-sesongen

Barnsley | Bristol City | Burnley | Cardiff City | Coventry City | Crystal Palace | Derby County | Doncaster Rovers | Hull City | Ipswich Town | Leeds United | Leicester City | Middlesbrough | Millwall | Norwich City | Nottingham Forest | Portsmouth | Preston North End | Queens Park Rangers | Reading | Scunthorpe United | Sheffield United | Swansea City | Watford |