Leeds United
| Leeds United | |||
| [[Fil: |
|||
| Fullt namn | Leeds United | ||
|---|---|---|---|
| Kallenamn | The Whites | ||
| Grunnlagd | Ukjend | ||
| Heimebane | Elland Road, i Leeds (Kapasitet: 40 242) |
||
| Styreleiar | Ken Bates | ||
| Hovudtrenar | Simon Grayson | ||
| Liga | Football League Championship | ||
| 2010/11 | 7. plass | ||
| Nettstad | leedsunited.com | ||
|
|
|||
Leeds United Association Football Club er ein engelsk profesjonell fotballklubb. I 2010/2011-sesongen spelar dei i Football League Championship, det andre nivået i engelsk fotball, etter å ha rykt opp i 2010. Klubben vart stifta i 1919, og vart vald inn i The Football League i 1920. «The Whites», som er kallenamnet til Leeds United, spelar heimekampane sine på Elland Road i Leeds. Byen Leeds ligg i den engelske regionen Yorkshire og Humber, kring sju mil aust for Manchester og fem mil nord for Sheffield.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Starten [endre]
Leeds United vart grunnlagt som ein etterfylgjar av den tidlegare klubben i Leeds, Leeds City. City vart ekskludert frå ligaen på grunn av ulovlege utbetalingar til spelarar i løpet av første verdskrig.
Tida under Don Revie [endre]
Laget levde stort sett eit heistilvære mellom dei to øvste divisjonane fram til dei fekk den tidlegare engelske landslagspelaren Don Revie som manager, i mars 1961. På grunn av økonomiske problem i klubben hadde Revie ein tung 1961/62 sesong, og ein siger i siste kamp redda laget frå nedrykk til 3 divisjon. To år seinare var alt mykje lysare for klubben og Leeds var igjen klar for Englands øverste divisjon. Dei neste 10 åra kan skildrast som Leed si stordomstid med mellom anna 2 ligameisterskap. I Revie sin siste sesong som manager spela laget dei første 28 seriekampane utan å tapa, og laget vart ofte kalla «Super Leeds» i denne tida.
Etter Revie [endre]
Den neste manageren i Leeds vart Brian Clough. Han hadde hatt stor suksess med Derby County, men vart rekna som omstridd og fekk sparken i Leeds allereie etter 44 dagar. Klubben heldt seg i toppserien utover på 1970-talet, men hadde ikkje like gode plasseringar som dei hadde hatt under Revie. I sesongen 1981/82 rykte laget ned frå 1. divisjon og på 1980-talet vart dei verande i denne divisjonen. Howard Wilkinson, som vart tilsett som manager i oktober 1988, greidde å få laget attende til toppdivisjonen. Her gjekk det betre enn dei aller fleste hadde trudd og i 1991/92 hadde laget igjen vorte engelske ligameistrar. Klubben vart i den øvste divisjonen i 14 år før dei etter 2003/04 sesongen igjen rykte ned til det som då hadde vorte til Football League Championship.
Meisterskap [endre]
- Engelske ligamestarar: 1968/69, 1973/74 og 1991/92.
- Vinnar av FA-Cupen: 1972.
- Finalist i FA-Cupen: 1965, 1970 og 1973.
- Vinnar av Ligacupen: 1968.
- Finalist i Ligacupen: 1996.
- Finalist i serievinnarcupen (før Meisterligaen): 1975
- Vinnar av FA Charity Shield: 1969 og 1992.
- Vinnar av FA Youth-cup: 1993 og 1997
Spelarstall 2010/11-sesongen [endre]
(Per 1. september 2010)
Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.
|
|
Kjende spelarar [endre]
Leeds United sine managerar [endre]
| Manager | Periode | Manager | Periode |
|---|---|---|---|
| Arthur Fairclough | (1920-1927) | Jimmy Adamson | (1978-1980) |
| Dick Ray | (1927-1935) | Allan Clarke | (1980-1982) |
| Billy Hampson | (1935-1947) | Eddie Gray | (1982-1985) |
| Willis Edwards | (1947-1948) | Billy Bremner | (1985-1988) |
| Frank Buckley | (1948-1953) | Howard Wilkinson | (1988-1996) |
| Horatio Carter | (1953-1958) | George Graham | (1996-1998) |
| Bill Lambton | (1958-1959) | David O'Leary | (1998-2002) |
| Jack Taylor | (1959-1961) | Terry Venables | (2002-2003) |
| Don Revie | (1961-1974) | Peter Reid | (2003) |
| Brian Clough | (1974) | Eddie Gray | (2003-2004) |
| Jimmy Armfield | (1974-1978) | Kevin Blackwell | 05/2004 - |
| Jock Stein | (1978) |
Bakgrunnsstoff [endre]
| Fotball | Football League Championship | 2010/11-sesongen |
|
Barnsley | Bristol City | Burnley | Cardiff City | Coventry City | Crystal Palace | Derby County | Doncaster Rovers | Hull City | Ipswich Town | Leeds United | Leicester City | Middlesbrough | Millwall | Norwich City | Nottingham Forest | Portsmouth | Preston North End | Queens Park Rangers | Reading | Scunthorpe United | Sheffield United | Swansea City | Watford | |