Legatus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Legatus, på moderne norsk legat, var ein romersk embets- eller militærtittel.

Grunntydinga av det latinske ordet legatus er 'utsending, sendemann' (av legare, 'senda; utnemna').

I romartida var legatus nytta som embetstittel med ulike tydingar:

  1. under republikken (om lag første og andre hundreåret før Kristus) var ein legat øvste embetsmann under guvernøren for ein romersk provins.
  2. Julius Cæsar tok i bruk tittelen legatus for øvste kommanderande offiser over ein legion, og denne praksisen heldt fram under keisartida. Fram til om lag år 200 vart ein provins som hadde ein eller fleire legionar stasjonerte, styrde av ein militær kommandant med tittelen legatus Augusti pro praetore, altså «keisarleg legat».