Lege

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Barnelegen Virginia Apgar undersøker ein nyfødd unge.

Lege eller lækjar er ein norsk yrkestittel for autoriserte medisinarar. Legar jobbar med å førebygga, diagnostisera eller lega sjukdom, anten som allmennlege eller innan ei viss spesialisering.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

I Noreg tilbyr ein medisinutdanning ved Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet og Universitetet i Tromsø. Den normerte studietida er på 6 eller 6,5 år, og fører fram til den akademiske tittelen Candidata/candidatus medicinae (cand. med.).

Turnusteneste[endre | endre wikiteksten]

Etter bestått embetseksamen må ein nyutdanna medisinar ha turnusteneste i eitt år på eit sjukehus og eit halvt år i allmennpraksis. Det er eit avgrensa tal turnusplassar som blir fordelte gjennom loddtrekking, noko som kan føra til ventetid for nokre kandidatar.

Det er vanleg med sjukehusturnusteneste i mange land, men turnusteneste i distrikt/allmennpraksis er ei særnorsk ordning som blei innført på 60-talet for å betra legedekninga i Distrikts-Noreg.

Autorisasjon/legelisens[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er det Statens autorisasjonskontor for helsepersonell som gjev autorisasjon for legar etter at dei har avlagt medisinsk embetseksamen og gjort godkjent turnusteneste. Medisinsk utdanning frå EØS-området er automatisk godkjent i Noreg, medan medisinarar utdanna i andre land må gå gjennom ein test av dei medisinske kunnskapane sine og i nokre tilfelle ta tilleggskurs før utdanninga deira kan godkjennast. Det er Utvalget for lisenssaker og utenlandsmedisinere som har ansvaret for tildeling av lisens til utanlandsutdanna legar.

Ein mellombels lisens kan bli gjeven dersom krava til autorisasjon ikkje er oppfylde. Lisensen set konkrete avgrensingar til yrkesutøvinga. Den mellombelse lisensen til ein turnuslege vil for eksempel krevja at legen arbeider under rettleiing.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lege