Legionærsjukdom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Legionærsjuke)

Legionærsjukdom er ein infeksjonssjukdom som skuldast bakterien Legionella pneumophila, som veks fort i varmt vatn. Sjukdommen vart fyrst nemnt i 1976 i Philadelphia. Der var det eit større utbrot av sjukdommen under årsmøtet til organisasjonen av krigsveteranar i Sambandsstatane, som ber namnet the American Legion, og slik fekk sjukdommen namnet sitt. Men legionærsjukdom har truleg opptredd hjå menneske heilt sidan 1950-talet, då klimaanlegg vart vanlege.

Legionærsjukdom smittar ikkje frå person til person. Smitterisikoen kjem frå konsentrerte skyer av legionellabakteriar i kjøletårn, ismaskiner, sprinklaranlegg for brannslokking, luftesystem/klimaanlegg og andre varmtvassanlegg der vatnet ikkje vert varma opp høgt nok til å drepa bakteriane. Sjukdommen gjev betennelse i lungevevet etter ei inkubasjonstid på truleg 10–20 dagar. Ein kan behandla han med antibiotika.

Utbrot i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Større og viktige epidemiar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]