Leicester Square

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Leicester Square (utt. Lester Square) er ein plass i det sentrale London. Den ligg vest for Charing Cross Road, nord for Trafalgar Square og aust for Picadilly Circus. Den ligg på staden som før bar namnet Leicester Fields, og var markene framom jarlen av Leicester sin herregard. Området vart bygd ut i 1670-åra.

Shakespearestatuen og tkts[endre | endre wikiteksten]

Midt på plassen ligg ein liten park. Midt i parken står ein statue av William Shakespeare. Langs ytterkanten av parken står det statuar av andre kjende personar: Isaac Newton, Joshua Reynolds, John Hunter, William Hogarth og Charlie Chaplin.

Leicester Square er kinosentrum i London. Dei fleste britiske premierer vert viste på ein av dei fire store kinoane som ligg der. I tillegg ligg det fleire mindre kinoar rett ved plassen. Det ligg fleire nattklubbar der, og spesielt Hippodrome har ofte premierefestar. Derfor er det ikkje uvanleg å sjå store samanstimlingar av menneske med kamera og autografblokker utanfor Hippodrome eller ein av kinoane.

Plassen er og kjent for eit billettutsal, der ein får kjøpt billigbilletter til teatra i London. Det heite i starten The Official London Half-Price Theatre Ticket Booth, men har no skifta namn til tkts. Fleire andre utsal som og tilbyr billettar til teaterførestilling og musikalar til halv pris har og dukka opp i nærleiken.

Politiet si mobile kameraovervaking[endre | endre wikiteksten]

På grunn av den store mengda menneske som til ei kvar tid er på plassen, også på kveldstid, har det vore mykje problem med kriminalitet der. Myndigheitene i London, politiet og ei samanslutning av næringsdrivande har sett i verk ei rekke tiltak som har ført til ein sterk nedgang i kriminaliteten. Mellom tiltaka er forbod mot å drikke alkohol i parken, gratis tilgjenge til dei offentlege toaletta, fleire politipatruljer og ein praktisk talt permanent stasjonert spesialbygd politibil med kamera i alle retningar. Bilen er finansiert av dei næringsdrivande i eit samarbeidsprosjekt med politiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]