Leiden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leiden
Flagget til Leiden Byvåpenet til Leiden
Flagget til Leiden Byvåpenet til Leiden


Plassering
Plassering av Leiden
Plassering av Leiden
Styresmakter
Land
Provinsar
 Nederland
Zuid-Holland
Borgarmeister Henri Lenferink
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

23,16 km²
  21,99 km²
  1,16 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

117 530
  5 345/km²
Koordinatar 52°10′″N 4°29′″EKoordinatar: 52°10′″N 4°29′″E
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.leiden.nl

Leiden (òg kalla Leyden) er ein kommune og by i Nederland i provinsen Zuid-Holland med om lag 120 000 innbyggjarar. I lag med Oegstgeest, Leiderdorp, Voorschoten, Valkenburg, Rijnsburg og Katwijk dannar han eit storbyområde med om lag 250 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Oude Rijn, nær større byar som Haag og Haarlem.

Leiden har hatt universitet sidan 1575.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Leiden er ein gammal by som har anar tilbake til romartida då det låg ei romersk festning her. Leiden er grunnlagd på ein menneskeskapt ås der elvane Oude Rijn (Gamle Rhinen) renn saman med Niuwe Rijn (Nye Rhinen). Han vart først nemnd i skriftlege kjelder som Leithon om lag år 860. Leiden vart først underlagt biskopen av Utrecht, men rundt 1100 kom borggreven inn under grevskapet Holland.

Leiden vart plyndra i 1047 av keisar Henrik III av Det tysk-romerske riket. Tidleg på 1200-talet søkte grevinne Ada av Holland tilflukt her då ho kjempa i ein borgarkrig mot onkelen sin, Vilhelm I av Holland. Han omleira og erobra Ada og Leiden.

Leiden fekk byrettar i 1266. I 1389 hadde byen vakse til om lag 4000 innbyggjarar.

Omleiringa i 1420[endre | endre wikiteksten]

I 1420, under krok- og torskekrigen, marsjerte hertug Johan av Bayern med hæren sin frå Gouda mot Leiden for å erobre byen, sidan dei ikkje betalte den nye greven av Holland. Hæren var godt utrusta og hadde nokre kanonar. Borggreve Filip av Wassenaar og dei lokale adelsmennene trudde at hertugen ville omleire Leiden først og sende små styrkar for å erobra dei omliggande citadella. Johan av Bayern valde derimot å ta citadella først. Med å nytte kanonane mot citadella fall dei ein etter ein, og i løpet av ei veke hadde han erobra borgene Poelgeest, Ter Does, Hoichmade, de Zijl, ter Waerd, Warmond og de Paddenpoel.

24. juni nådde hæren Leiden. 17. august 1420, etter ei to månader lang omleiring, overgav byen seg til Johan av Bayern. Filips av Wassenaar måtte leve resten av livet i fangenskap.

1500- og 1600-talet[endre | endre wikiteksten]

Otto van Veen: Relief of Leiden (1574), Flaum på markene gjorde at den nederlandske flåten kom seg fram til spanske infanteriposisjonar.
1600-talshus langs Herengracht.

Leiden blømde på 1600- og 1700-talet. Tekstilindustrien vart etter kvart viktig for byen, og samstundes utvikla Leiden seg til ein viktig stad for trykking og utgjeving av bøker. Trykkaren Christoffel Plantijn budde her ein periode. Ein av elevane hans var Lodewijk Elzevir (1547–1617) som oppretta den største bokhandelen og prenteverket i Leiden, eit føretak som framleis eksisterer i dag.

I 1572 tok byen nederlenderane si side i krigen mot det spanske styret og spelte ei viktig rolle i åttiårskrigen. Han vart omleira frå mai til oktober 1574 av spanjolane, men ved å rive hol i dika rundt byen kunne ein segle skip med forsyningar inn til den oversvømde byen. Som takk for den heroiske innsatsen vart Universitetet i Leiden grunnlagd av Vilhelm I av Orange i 1575.

Leiden vart velståande på 1600-talet, delvis fordi mange tekstilarbeidarar frå Flandern søkte tilflukt i byen. Byen hadde mista om lag ein tredje del av dei 15 000 innbyggjarane under omleiringa i 1574, men kom seg raskt att og i 1622 hadde han 45 000 innbyggjarar og rundt 1670 kanskje så mykje som 70 000. Under den nederlandske gullalderen var Leiden den nest største byen i Holland etter Amsterdam.

Seint på 1600-talet gjekk det nedover med tekstilindustrien, og derfor sokk òg folketalet.

1800- og 1900-talet[endre | endre wikiteksten]

12. januar 1807 eksploderte ein båt lasta med 17,4 tonn krut midt i Leiden. 151 menneske omkom, 2000 vart skadde og om lag 220 heimar vart øydelagde. Kong Louis Bonaparte vitja byen personleg og gav støtte til offera.

I 1842 vart det bygd jernbane frå Leiden til Haarlem og året etter vidare til Haag. Dette førte til oppgangstider i byen, og dei økonomiske tilhøva betra seg igjen. Byen voks derimot tregt, og først i 1896 byrja ein å byggje byen utanfor dei gamle vollgravene. Etter 1920 vart det oppretta nye industriar i byen, som konservering og metallindustri.

Under den andre verdskrigen vart Leiden hardt råka av dei allierte sine bombardement. Området rundt jernbanestasjonen og Marewijk vart nesten heilt lagt i grus.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]