Leif Andreas Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leif Andreas Larsen

Fødd9. januar 1906
FødestadBergen
Død12. oktober 1990
DødsstadBergen
Rangkaptein i forsvaret
Konfliktarandre verdskrigen

Leif Andreas Larsen (9. januar 190612. oktober 1990), mest kjend under namnet Shetlands-Larsen, var ein norsk krigshelt under andre verdskrigen.

Leif Larsen vart fødd i Bergen Han er den mest kjende av Shetlandsgjengen, eller dei som tenestegjorde i marineavdelinga Shetlandsbussen under andre verdskrigen. Shetlandsgjengen hadde base på Shetlandsøyane. 52 gongar kryssa han Nordsjøen under krigen, mange gonger i vanlege norske fiskeskøyter. Larsen hadde gode eigenskapar som leiar. Larsen ville ikkje leggja så mykje vekt på sin eigen innsats, og ville heller framheva dei folka han hadde med seg. Han melde seg friviljug til den finske vinterkrigen og under felttoget i Noreg kjempa han på Kongsvinger festning.

Larsen steig i gradene frå utskriven kvartermeister i 1941, til fenrik i 1943, løytnant i 1945 og kapteinløytnant i 1953.

Dekorasjonar[endre | endre wikiteksten]

Shetlands-Larsen var verdas høgast dekorerte allierte sjøoffiser. Mellom anna fekk han desse utmerkingane:

Land Orden, medalje Merknad Anna merknad
 Noreg Krigskrossen med sverd og stjerne
 Noreg St. Olavsmedaljen med eikegrein
 Noreg Krigsmedaljen med tre stjerner
 Noreg Deltakarmedaljen
 Storbritannia Medaljen for audsynt vågemod Conspicuous Gallantry Medal Britisk utmerking som vert tildelt offiserar i handelsflåten og marinen. Larsen fekk denne britiske utmerkinga som fyrste utlending
 Storbritannia Medaljen for framifrå tenester «Distinguished Service Medal» med spenne «& Bar» Britisk utmerking som vert tildelt meinige i handelsflåten og marinen
 Storbritannia Krossen for framifrå tenester «Distinguished Service Cross» Britisk utmerking som vert tildelt befal i marinen
 Storbritannia Ordenen for framifrå tenester «Distinguished Service Order» Britisk utmerking tildelt offiserar.
 Finland Den finske deltakarmedaljen For deltaking i den fyrste finske vinterkrigen

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Frithjof Saelen: None but the Brave: The Story of "Shetlands" Larsen, Souvenir Press, 1955.