Leif Aune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Leif Jørgen Aune (fødd 7. juni 1925) i Bodø) er ein norsk sosialøkonom og politikar for Arbeidarpartiet.

Frå 1971 til 1972 var han statssekretær i Kommunal- og arbeidsdepartementet i Regjeringa Bratteli I. Han var deretter statsråd i det same departementet i Regjeringa Bratteli II frå 1973 til 1976, og heldt fram i Regjeringa Nordli frå 1976 til han gjekk av 11. januar 1978.

Leif Aune var utdanna som cand.oecon. i 1951 og arbeidde for det meste med regional utvikling. Han var direktør for Distriktenes utbyggingsfond frå 1978 til 1990. Han har også vore medlem i styret for Christiania Bank og Kreditkasse, Ullevål Universitetssjukehus og mange andre styre og råd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen bygger elles på «Leif Aune» frå Wikipedia på engelsk, den 10. februar 2010.

som oppgav følgjande kjelder: