Leif Ove Andsnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Leif Ove Andsnes

Leif Ove Andsnes (fødd 7. april 1970) er ein norsk klassisk pianist.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Andsnes vart fødd på Karmøy. Han studerte under Jiri Hlinka ved Griegakademiet i Bergen. Han har fått mange prisar. Han har samarbeidd med fleire kjende kor, orkester og songarar, som til dømes tenoren Ian Bostridge, Artemiskvatetten og Det norske kammerorkester. I 2002 spelte han Grieg sin pianokonsert ved den årlege konserten Last Night of the Proms i Royal Albert Hall, London.

Andsnes har òg utmerkt seg som kammermusikar, og saman med bratsjisten Lars Anders Tomter er han kunstnerisk leiar for Risør Kammermusikkfest. Han har òg gjort fleire innspelingar for Virgin og EMI, mellom andre av Chopin, Grieg, Brahms, Schumann, Rakhmaninov, Mozart, Bartók, Haydn, Schubert, Janáček, Liszt og Sjostakovitsj.[1]

I 2007 fekk han ei bistilling som professor ved Norges musikkhøgskole.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Knut Olav Åmås [red.]: «Andsnes, Leif Ove» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hvem er hvem?, s. 32.