Leiingsband

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit leiingsband er det lågaste energibandet som inneheld leiingselektron i eit fast stoff. Elektron i faste stoff kan ikkje ha vilkårlig energi, men ordnar seg inn i energiområde som vert kalla energiband. Ved låg temperatur vil dei lågaste energibanda vere fylte av elektron, medan dei høgaste er tomme. I metall er det eit delvis fylt energiband mellom dei fulle og tomme banda. Dette vert kalla leidningsbandet, fordi elektrona i bandet er forholdsvis fritt rørlege, og bidreg til at metalla har stor elektrisk og termisk konduktans. I halvleiarar er leidningsbandet tomt ved det absolutte nullpunktet, men ved aukande temperatur vil elektron eksiteres opp frå valensbandet, energibandet nærast under leidningsbandet, som er skilt frå dette ved eit smalt energigap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]