Leiketøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Leikespade.

Eit leiketøy eller ei leike er noko som ein kan leike med, anten ein er barn eller vaksen. Dei kan vere enkle ting brukt i ein fornøyeleg aktivitet, eller dyre og innvikla saker. Medan mange leiketøy har svært lange tradisjonar bak seg, er andre meir moteprega, og assosierte med særskilde tiår.

Leiketøy er ofte mindre modellar av ting og vesen frå det verkeleg livet, til dømes av reiskap (som spann og spade, leikehammar, kjøkkensett), dyr (tøydyr eller plastikkdyr), menneske (dokker og leikesoldatar), og køyretøy (som leikebilar og togsett).

Merkeleiker[endre | endre wikiteksten]

Mange suksessrike filmar, fjernsynsprogram, bøker og idrettsformer har offisielle produkt, ofte leiketøy, som vert laga og selde. Blant dei mest kjende døma er Star Wars og Manchester United. Eit anna døme er eit transportselskap eigd av Eddie Stobart som byrja å produsere modelllastebilar, og no subsidierar resten av selskapet. Nye produktseriar vert i dag ofte planlagde som større kampanjar med både leiketøy og TV-seriar og filmar heilt frå starten av, til dømes Pokemonkort.

Vaksenleiker[endre | endre wikiteksten]

Leiketøy hovudsakleg selde til vaksne vert gjerne marknadsført som ein måte å redusere jobbrelatert stress og kallast ofte stressfjernarar. Desse må skiljast frå «leiketøy for vaksne», då ein med det gjerne meiner sexleiketøy.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Koseleiketøy Konstruksjonsleiketøy
Mekaniske leiketøy
Modellbygging Leiketransport
Eldre leiker Moteleiker

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Leiketøy