Leirvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Leirvik
Bussterminalen på Leirvik
Bussterminalen på Leirvik
Geografi
Kommune Stord
Fylke Hordaland
Folkemengd[1] 11 670 (2012)
Folketettleik 1 379,4 /km²
Areal[1] 8,46 km²
Annan informasjon
Ferdselsårer 544 (fram til E39)
Postnummer 5417 Stord
Preposisjon Leirvik
Kart
Leirvik is located in Hordaland
59°46′46″N 5°29′56″EKoordinatar: 59°46′46″N 5°29′56″E
Leirvik er òg namnet på fleire andre stader. Sjå Leirvik (fleirtyding).

Leirvik er kommunesenteret i bykommunen Stordøya Stord i Hordaland fylke. Leirvik er i tillegg regionssenter for Sunnhordland. I Leirvik finst det fleire offentlege tenester, slik som regional domstol og Sunnhordland museum.

Leirvik har fleire butikkar og kjøpesenter, og er ein viktig stad for handel i Sunnhordland. Det finst fleire restaurantar. Hamna i Leirvik er veldig populær særleg om sommaren. I 1997 vart det vedteke at heile Stord kommune skulle verta by. Fram til den tid var det eit ordskifte om det var Leirvik eller heile kommunen som skulle verta by. Ein prøvde å offisielt døypa om Leirvik til Stord, men namnet Leirvik er framleis namnet på kommunesenteret. Leirvik-området har det mest bymessige busetnadsmønsteret i kommunen.

Lokalt vert Leirvik omtala som «Vikjo». Namnet Leirvik kjem av dei geologiske tilhøva på staden. Grunnen inneheld nemleg svært mykje leire.

Leirvik har lange tradisjonar som hamn grunna den strategiske og lune plasseringa langs leia mellom Bergen og Haugesund. Tidlegare gjekk det ferje frå Leirvik sentrum, men all ferjetrafikken er no flytta til Skjersholmane. Dei rutegåande båtane til HSD og Flaggruten har derimot faste stopp på Leirvik.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.