Leizu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Leizu (kinesisk skrift 嫘祖, pinyin Léi Zǔ), også kjend som Xi Lingshi (kinesisk skrift 西陵氏, Wade-Giles Hsi Ling-shih, 'frua frå Xiling'), er ei legendarisk kinesisk keisarinne som skal ha funne opp silkemaking og er blitt opphøgd til guddom for silke. Leizu var kona til Den gule keisaren, Huang Di, som også var knytt til utviklinga av klede.

I ulike kinesiske tradisjonar er oppfinnaren av silke nemnd med ulike namn, eller berre som «den første silkemakaren». Andre namn for henne er «Cangu-gudinna» (蚕姑圣母, Cángū shèngmǔ; Cángū betyr 'silkeorm') eller Can Nainai ('Silkeorm-mor').[1]

Keisarinna og den gule keisaren[endre | endre wikiteksten]

Shiji ('Nedteikninga til historikaren') frå Han-dynastiet fortel at Leizu frå Xiling blei teken som førstekone av Den gule keisaren (Huangdi). Ho oppmuntra til morbærtre-dyrking, dreiv sjølv med silkeorm-hald, og skal ha funne opp vevstolen.[2] I ei soge blir det fortald at Leizu møtte keisaren medan ho mata silkeorma og lærte han om silkemaking. Deretter gifta han seg med henne.[3] I andre versjonar av soga oppdaga keisarinna silke då ein silkeorm fall oppi tekoppen hennar.[4]

Den gule keisaren er også sjølv blitt knytt til oppfinninga av silkeproduksjon; mellom anna i Nordlege Qi (550-581). Keisaren var elles også knytt til innføringa av «siviliserte», lange klede av silke og hamp framfor skinnklede.[2] I andre soger blir Po Yu, ein av keisaren sine tenestemenn, nemnd som opphavsmann til vevstolen.[2]

Historisk utvikling og tilbeding[endre | endre wikiteksten]

Den første silkeutvinnaren blei først nemnd som ei kvinne ved namn Leizu, eller frua av Xiling, frå den Nordlege Hsu-tida (557-581). På denne tida ofra også keisarinna til henne som silkeguddom.[2]

Frå Han- til Sung-dynastiet fann det stad ein årleg offisiell offerseremoni til silkegudinna. Denne blei som regel utført av keisarinna. Om våren samla ho og hoffdamene morbærtrelauv og ofra silkeklede og mat til guddommen. Under Sung- og det seinare Ming-dynastiet blei det gjort forsøk på å gjeninnføra seremonien, utan at han slo rot. Dette kan setjast i samanheng med flytting av keisarhovudstaden nordover, vekk frå silkeproduserande område.[2]

Liknande, men mindre seremoniar fann stad blant folket. Silkemakarar kunne til dømes ofra mat og drikke same dag som dei la silkeormegg ut på papir før dvalen deira (etter ei skildring frå ca. 1090). Ei anna ofringstid kunne vera når silkeormane klekka (skildring frå 1741). I folkeleg tradisjon heldt tilbedinga seg ved like i silkeproduserande område fram til 1900-talet. Ei skrift frå 1899 skildrar storstilt tilbeding av henne under nyttårsfeiringa i Sichuan. Dyrkinga av silkegudinna gjekk likevel tilbake etter Taipingopprøret (1850-1864), som også råka mykje kinesisk silkeindustri.[2]

Anna tilknyting[endre | endre wikiteksten]

Silkegudinna er knytt til stjernebildet «dei fire hestane» som er danna av dei fire stjernene β Sco, δ Sco, π Sco og ρ Sco i stjernebiletet Skorpionen. I nokre forståingar er stjernebildet anden hennar.[2]

Andre silkegudinner er blitt knytt til silkeoppfinnaren gjennom tidene. Yuan-Yu og prinsesse Yu er to av desse, San-ku ('tredje tante') og Ta-ku ('store tante'), 'silkeorm-mora' og 'hestehovud-kvinna' er døme på desse.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fan Lizhu, «The Cult of the Silkworm Mother as a Core of a Local Community Religion in a North China Village: Field Study in Zhiwuying, Baoding, Hebei», The China Quarterly No. 174 (Jun. 2003), 360.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Kuhn, Dieter (1984). «Tracing a Chinese Legend: In Search of the Identity of the 'First Sericulturalist.'» T'oung Pao 70: 213–45.
  3. «Leizu Reared Silkworms» Arkivert 2014-10-14 ved Wayback Machine., cultural-china.com
  4. «THE LEGEND OF THE SILK GODDESS», sherbornemuseum.co.uk