Lekamøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nærbilete av Lemamøya.

Lekamøya er ein liten fjellspiss sør på øya Leka. Spissen ser ut som ei kvinne som spring med eit sjal etter seg, og folketrua seier at ho var ei vakker ungjente som vart forfølgd av Hestmannen. Ho flykta framleis då sola rann, og vart til stein.

Ein kan sjå Lekamøya frå sjøen, og fjellet har tent lenge som sjømerke for dei som fór langs kysten.

Segna om Lekamøya[endre | endre wikiteksten]

Ute ved Lofoten budde det ein mektig høvding. Han heitte for Vågakallen. Han sit trygt og godt oppe på den høgste tinden i Lofoten og skodar utover landet sitt, som han syntest at han åtte. Frå Røst og heilt innover åt Vesterålen. Han hadde ein son, og han heitte Hestmannen. Det var ein uregjerleg ungdom, som faren ikkje lenger hadde noko råd til å stagge. Han prøvde på alle mogelege sett og vis, men det var ikkje tale om å halde han i taumane. Ein dag rømte han frå faren og heimen sin, og for lenger austover åt Svolvær, og der sette han seg ned.
På den andre sida av Vestfjorden, langt inni fjellet, sat Sulitjelmakongen, og såg utover landet og fjorden, heilt til Lofoten. Der såg han Vågakallen som var stor og mektig, men han syntest slett ikkje å vera noko kleinare sjølv. For der han sat oppe på Sulitjelmafjellet, sat han og stampa med føtene i berget, for han visste at under føtene låg det gylne metall, som Sulitjelma er kjend for. Han hadde sju døtrer, dei var ikkje vaksne, men vilter og vanskeleg å halde styr på. Derfor meinte han at her måtte han prøve å få noko slags hjelp, slik at han kunne halde styr på ungane. Han fekk tak i ei jente, som seinare vart kalla Lekamøya, til å passe på dei sju jentene.
Ein dag var dei på Landego, utanfor Bodø. Der skulle Lekamøya passe på dei sju søstrene, og ta seg av dei på alle tenkelege måtar. Det såg heilt greitt ut, men så var det ein sommarkveld med riktig godt ver. Det var stille, og varmt i sjøen. Lekamøya la merke til at det var ein så gjev og fin temperatur i sjøen, og ho tenkte det ville vera gjævt å ta seg eit bad. Ho kledde av seg, og sjølvsagt var ho heilt naken. Ho vassa uti, og byrja å plaske i sjøen, rett utanfor Landego. Men, det var ein som la merke til det her, og det var Hestmannen. Han var ikkje gift, og såg gjerne at han fekk tak i eit kvinnfolk. Lekamøya var det vakraste syn han nokon gong hadde sett. Den tøtta måtta han ha tak i, koste kva det koste ville. Han tok gangaren sin, og det var noko til gangar, han for både over land og hav. Han sette seg i salen og for over Vestfjorden i fullt tan. Da det lei om, byrja Lekamøya å høyre søyn austover fjorden, og undrast på kva dette kunne vera for noko? Men så fekk ho sjå det var Hestmannen som kom på gangaren sin.
Lekamøya kom seg på land, fekk på seg nokon klede, og tok dei sju søstrene, og pargaset dei hadde, og gav seg til sørover i fullt tan. Det viste seg at ho greidde ikkje å komma seg bort frå Hestmannen, om ho skulle ha dei sju jentene med seg. Da ho for forbi Alsten, slengde ho dei på land, alle sju, og der står dei enno den dag i dag, på rekke og rad. Ho fortsette åleine vidare vekk, og kom så langt som til Sømna. Der var det ein gubbe oppi Sømnafjellet, som høyrde spetakkelet på farleia. Han for heilt ned til fjorden, og fekk sjå Lekamøya som for forbi. Han fekk også sjå Hestmannen som kom i ein fykande fart. No viste det seg, at etter ho hadde kvitta seg med jentene, greidde ho å halde han på avstand. Da vart Hestmannen så arg at han tok ein pil, og la på bogen, og tenkte han skulle skyte ho. De hadde han vel truleg gjort også, men Sømnagubben hadde ein veldig svær hatt på seg, og da han fekk sjå at Hestmannen heldt på å ordne seg med pil på bogen, tok han av seg hatten og sendte i den retninga Hestmannen skaut. Pilen åt Hestmannen for tvert gjennom hatten, og skifta retning, og vart liggjande igjen som ei slu ute i havet. Hatten datt ned på Torget, straks utanom Brønnøysund, og der ligg han den dag i dag.
Lekamøya fortsette vidare, heilt til Lekalandet. Ho for tvers over fjellet, heilt til den synst enden av øya. Det ser faktisk ut som ho ligg i tan, og har vel tenkt seg enno lenger sørover. Det er ikkje så godt å seie. Med det same rann sola, og det tolte ikkje dei gamle trolla. Dei tolte ikkje solskin, og dei hadde ikkje gjort rekning med at sola står tidleg opp om våren i Nordland og i Namdalen. Dei vart standande i stein alle i hop.

Lekamøya står på Leka, og er eit eineståande kjennemerke for folk som er ute på havet. Ho er også ein attraksjon for folk som kjem for å sjå ho. Torghatten ligg på Torget, og det er vitterleg at det har vore ein pil gjennom han. Hestmannen er nordom Lurøy. Der kneisar han i sitt ville ritt. På Alsten står dei sju søstrene på rekke og rad. Attmed Saltstraumen, sørom Bodø, står Sulitjelmakongen i eigen høge person, og langt ute på Lofoten sit Vågakallen stor og brei, som han har gjort all tida.