Leksands kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Leksand kommun)
Leksands kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Dalarnas län
Landskap Dalarna
Del av Dalarna, Q61606296, Q61606759
Centralort Leksand
Areal 1 419,12 km²
 - land 1 225,88 km²
 - vatn 193,24 km²
Folketal 15 338
Folketettleik 13 / km²
Kart
Leksands kommun
60°44′00″N 15°00′00″E / 60.733333333333°N 15°E / 60.733333333333; 15
Wikimedia Commons: Leksand Municipality
Nettstad: www.leksand.se

Leksands kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. Kommunen grensar til seks andre kommunar i Dalarnas län, Mora kommun i nordvest, Rättviks kommun i nordaust, Falu kommun i aust, Borlänge kommun og Gagnefs kommun i sør og Vansbro kommun i sørvest. Administrasjonssenteret i kommunen er Leksand.

Kommunen ligg i området til ei av dei gamle hovudbygdene i Dalarna, ved sørenden av sjøen Siljan. Elles finn ein store skogarealer på moreneberggrunn og mange vatn i Leksand kommune. I tillegg er det jordbruksareal særleg ved Siljan og langs Österdalälven som renn gjennom kommunen. Forutan jordbruk og variert småindustri har kommunen ein stor treindustri. Postordreføretaket Clas Ohlson AB held også til i kommunen.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

1. mai 1875 braut Siljansnäs ut av Leksands kommun for å opprette ein eigen landskommune. I 1904 vart Leksandsnorets municipalsamhälle oppretta i Leksands kommun. Ved kommunereforma i 1952 vart det ikkje gjort endringar i landskommunane i området. Municipalsamhället vart oppløyst i 1966. Etter 99 år, i 1974, vart Siljansnäs sameina med Leksand igjen, og Åls landskommun vart også innlemma. Dermed var den nye Leksands kommun oppretta.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: På gullbakgrunn, ein ornamentert svart nøkkel.[1]

Leksands kyrka var opphavleg vigd til St. Peter, og attributten hans var ein nøkkel, derav kommunvåpenet som kjem frå eit soknsegl frå 1625. Våpenet vart fastsett som våpen for Leksands församling (og for landskommunen) i 1950. I 1974 vart Leksand slått saman med Siljansnäs og Ål. Alle dei tidlegare kommunane hadde hatt heraldiske vapen, men det var den namngjevande eininga sitt våpen som vart registrert i Patent- och registreringsverket for Leksands kommun i 1974.

To treskulpturar som førestilte St. Peter med nøkkelen i handa prydar også kvar sin gavlende på Leksands kyrka. Det opphavlege soknseglet har teksten «SIGILLVM – LIXANDENSE 1625» og kan sjåast her Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine..

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er fem tettstader i Leksands kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal pr 31. desember 2005. Centralorten er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1 Leksand 5 861
2 Insjön 2 030
3 Siljansnäs 1 650
4 Tällberg 637
5 Djura 396

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]

  1. «I guld en ornamenterad svart nyckel».