Lekter nr. 3

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karriere  Noreg
Namn: Lekter nr. 3
Eigar: Kullkompaniet af 1871 i Bergen
Verft: A/S StordStord
Verftsnummer: 1
Sjøsett: Hausten 1943
Overtatt: Januar 1944
Generelle mål
Type: Lekter
Daudvekt: 225 TDW
Lengd: 27,22 m
Breidd: 6,10 m
Djupgang: 2,39 m
Framdrift: Ingen

Lekter «Nr. 3» var den første byggekontrakten for A/S Stord og vart levert for Kullkompaniet af 1871 i Bergen. Dette var eit pioneroppdrag for verftet og fleire av dei tilsette tok Veritas sitt sertifikat i sveising

Det vart skrive byggekontrakt 18. august 1943. Lekteren skulle nyttast til frakting av kol og liknande i Bergen hamn. Lekteren vart sjøsett hausten 1943. Gudmor var Borghild Onarheim.

Lekteren vart klassifisert Det Norske Veritas for slep innaskjers og vart levert frå A/S Stord i januar 1944. Kullkompaniet af 1871 hadde lekteren fram til 1964, då Stord Verft A/S kjøpte lekteren attende. Lekteren vart kjøpt for å transportere 100 katodekassar produsert ved verftet for Sør-Norge AluminiumHusnes og kassane vart lasta ombord på lekteren og slept over fjorden til Husnes.

I 1981 vart lekteren selt til Elias Stokken i Sagvåg på Stord. Stokke nytta lekteren til ymse slepeoppdrag, mellom anna for Stord Verft. I 1986 vart lekteren selt vidare til Godøysund Fjordhotell i Tysnes kommune ved Leif Einar Nilsen. Lekteren vart per november 1999 framleis på Tysnes og nytta som gatekjøken og kai.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hvor ble båtene av? - Aker Stord