Leninordenen
Leninordenen (russisk: Орден Ленина) var ein orden som vart utdelt i Sovjetunionen. Ordenen vart innstifta 6. april 1930 og fekk namn etter revolusjonshelten Lenin. Den var Sovjetunionen høgste sivile pris.
Innhaldsliste |
Inndeling [endre]
Leninordenen bestod av ei klasse, som svara til mange riddarordnar i monarki, til dømes Elefantordenen i Danmark eller Hosebandsordenen i Storbritannia.
Insigniar [endre]
Ordensteiknet for Leninordenen var ein medaljong i gull med Lenins portrett i midten, omgitt av ein krans av kornaks der kommunistiske symbol var sett inn: det raude flagget, den raude stjerna, samt hammar og sigd. Lenins namn er innskrive med kyrilliske bokstavar i flagget. Ordensbandet var raudt med to smale gule striper langs kantane. Fargane er dei same som i flagget til Sovjetunionen.
Tildeling [endre]
Leninordenen vart tildelt sovjetborgarar og organisasjonar, institusjonar, militære einingar, kommunale einingar, kollektiv og verksemder for særleg innsats i bygginga av sosialismen, framifrå kunstnarisk, vitskapleg eller teknisk innsats og for ærleg viktig, innsats på det politiske feltet. Folk som vart utnemnde til Helt av Sovjetunionen og 'Helt av det sosialistiske arbeid' vart samstundes også tildelt Leninordenen.
Leninordenen vart også tildelt utanlandske borgarar som hadde arbeidd for å styrke sambandet mellom Sovjetunionen og andre land og for vennskap mellom folka.
Litteratur [endre]
- Poul Ohm Hieronymussen og Jørgen Lundø: Europæiske ordner i farver, København: Politikens forlag, 1966.
- Denne artikkelen bygger på «Leninordenen» frå Wikipedia på bokmål, den 18. september 2010.