Lenkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slave i lenkjer, brukt som symbol av den britiske rørsla mot slaveri.

Ei lenkje, lenke, lekke eller lekkje (av norrønt hlekkir) er eit band sett saman av ringar eller liknande som sit fast i kvarandre.[1] Dei fleste lenkjer er av metall, er svært sterke, og kan bli brukte som symbol på fangenskap og slaveri. Lenkjer er nokså like kjeder, men er gjerne tyngre og sterkare.

«Lenkje» kan i overført tyding òg visa til ein hypertekstpeikar, etter mønster av engelsk link, same ordet som lenk på norsk.[2]

Lenkjer i kulturen[endre | endre wikiteksten]

I norrøn gudetru trong æsene ei lenkje sterk nok til å binda Fenresulven. Dei laga Gleipne av ting ein ikkje lenger kan finna, som kvinneskjegg, fuglespytt og fiskeande.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «lenkje» i Nynorskordboka., «lekke» i Nynorskordboka.
  2. «Småstoff», Språkrådet (på norsk bokmål), henta 5. desember 2021 
  3. «Gleipnir», Britannica Kids (på engelsk), henta 5. desember 2021 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.