Lenny Castro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lenny Castro

Fødd12. januar 1950 (74 år)
FødestadNew York by
OpphavUSA
Aktiv1974–
Sjangerjazz, rock
InstrumentPerkusjon
Verka sommusikar, perkusjonist

Lenny Castro (f. 1957 ) er ein amerikansk perkusjonist og studiomusikar.

Castro er av puertoricansk opphav og voks opp i New York City. Faren, Hector Castro, spelte klaverinstrument i latinamerikansk stil og gav sonen dei første congatrommene då han var fire år gammal. I lag med congatrommene spelte Castro bongotrommer, som han spelte på gata då han voks opp. I motsetnad til mange av sine «latinske brør», lytta og spelte ikkje Castro berre perkusjon til latinamerikansk musikk, men òg jazz, rock, klassisk og alt anna som kunne ha perkusjon.

Castro fekk gjennombrotet sitt med Melissa Manchester, som hadde ein hit kring 1974 med «Midnight Blue». Castro flytta med Manchester til Los Angeles, 19 år gammal. Produsenten hennar introduserte sidan Castro for produsenten Richard Perry. Perry let Castro spelte på ei innspeling med Diana Ross, der han møtte Jeff Porcaro. Porcaro sette Castro i kontakt med Boz Scaggs, som nettopp hadde gjeve ut Silk Degrees. Scaggs turnerte verda rundt med Castro som perkusjonist.

Som frilansar spelt Castro med mange forskjellige artistar, som Adele, Simply Red, the Rolling Stones, Elton John, Al Jarreau, George Benson, Regina Belle, Eric Clapton, Boz Scaggs, Toto, Alien Ant Farm, Steely Dan, Christopher Cross, The Mars Volta, Dolly Parton, Diana Ross, Stevie Wonder, David Sanborn, Avenged Sevenfold, Little Feat, Tom Petty, Susanna Hoffs, Boney James, The (International) Noise Conspiracy, Peter White, Joe Sample, Kenny Loggins, Young Knives, Rickie Lee Jones, Caifanes, Dan Fogelberg, The Crusaders, The Bee Gees, Barbra Streisand, Karizma, Quincy Jones, John Mayer, Randy Newman, Dave Koz, Olivia Newton-John, Red Hot Chili Peppers, Eric Burdon, Oasis, Wayne Shorter, Pat Benatar, Dwight Yoakam, Maroon 5, Lisa Marie Presley, Noel Gallagher's High Flying Birds, Mick Hucknall, Booker T. Jones, The All-American Rejects, Joe Bonamassa og Slash, i tillegg til mange andre artistar.

Castro spelte og turnerte med Fleetwood Mac i 1997.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]