Lenz-lova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lenz-lova er ein regel i elektrisitetslæra som seier at når det induserast ein elektrisk straum i ein leiar, har straumen alltid ein slik retning at verknadene av han vil motverke årsaka til at straumen vart indusert. Om induksjonsn til dømes kjem av rørsla av ein magnetpol i nærleiken av ein leiar, så vil straumen som blir indusert i leiaren, skape eit magnetisk kraftfelt med retning slik at det motverkar rørsla av magnetpolen.

Lenz-lova kjem av Le Chatelier-prinsippet og gjev uttrykk for stabiliteten i naturen. Lova vart først formulert av den russiske fysikaren Heinrich Lenz (1804–65).

Lenz-lova er synt med minusteiknet i Faradays induksjonslov, \mathcal{E}=-N\frac{\partial \Phi_\mathrm{B}}{\partial t}, som indikerer at den induserte emfen (\mathcal{E}) og endringa i den magnetiske fluksen (\partial\Phi_\mathrm{B} \,) har motsett forteikn.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Giancoli, Douglas C. (1998). Physics: principles with applications (5th ed.). ss. 624. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]