Lenzspitze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°06′16.7″N 7°52′06.4″E
Lenzspitze
fjell
none  Nordaustveggen
Nordaustveggen
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Fjellkjede Wallis-Alpane
høgd 4 294 moh
skardhøgd 86 m ↓  mot Nadelhorn
koordinatar 46°06′16.7″N 7°52′06.4″E
Lettast tilkomst Sørvestryggen (vestflanken) blanda kring PD
Førstestiging av Clinton Thomas Dent, Alexander Burgener, Franz Burgener
 - dato August 1870
Plasseringa i Sveits
Locator Red.svg
Plasseringa i Sveits

Lenzspitze er eit 4 294 meter høgt fjell i Wallis-Alpane i Sveits, i kantonen Valais. Fjelltoppen er den sørlegaste i fjellrekka Nadelgrat, og ligg nord for fjellet Dom i massivet Mischabel. Lenzspitze reiser seg ovan om turiststaden Saas-Fee i aust, og dalen Mattertal i vest.

Lenzspitze vart klive fyrste gongen i august 1870 av Clinton Thomas Dent, fjellføraren Alexander Burgener og Franz Burgener. Dei kom opp nordaustsida til skaret Nadeljoch og fylgde deretter nordvestryggen til toppen av fjellet. Denne ruta vert sjeldan brukt i dag.

Austnordaust-ryggen startar ved Mischabel-hytta. Den ryggen vart fyrste gongen klatra den 3. august 1882 av William Goodman, Ambros Supersaxo og Theodor Andenmatten.

Nordaustsida byr på ein klatretur over bre og is, med mellom anna ein 500 meter høg fjellvegg opp til 56 grader steil. Dietrich von Bethmann-Hollweg, Oskar og Othmar Supersaxo kleiv opp fjellsida den 7. juli 1911. Heini Holzer rann ned denne fjellsida på ski den 22. juli 1972.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]