Leo Eitinger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leo Eitinger

FøddLeo Joshua Eitinger
12. desember 1912
Lomnice
Død15. oktober 1996
Oslo
NasjonalitetNoreg, Tsjekkoslovakia
Yrkemoderne historikar, psykiater, lege, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materMasaryk-universitetet
EktefelleElisabeth Eitinger

Leo Eitinger (12. desember 191215. oktober 1996) var ein norsk lækjar og psykiatar fødd i Austerrike-Ungarn, seinare Tsjekkoslovakia.[1] Han var psykiatriprofessor ved Universitetet i Oslo som særleg er kjend for det vitskaplege arbeidet sitt om psykiske seinskadar hos Holocaust-offer. Han var sjølv ein overlevande frå dei nazistiske konsentrasjonsleiaren.

Han blir rekna som ein framståande forkjempar for menneskerettane. Særleg sakene til jødane, krigsfangane og krigsveteranane var viktige for han. Eitinger deltok i oppbygginga av moderne norsk psykiatri etter krigen, og leia i mange år Universitetets psykiatriske klinikk (UPK) på Blindern i Oslo.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Eitinger vart fødd av jødiske foreldre i landsbyen Lomnice (Lomnitz), nær Brno (Brünn) i Mähren i det noverande Tsjekkia innanfor det som den gong var Austerrike-Ungarn og som seinare blei Tsjekkoslovakia.

Som ungdom var han aktiv som sosialistisk sionist. Han studerte filosofi og medisin ved Masaryk-universitetet i Brno, og vart uteksaminert som lege i 1937. Etter eksamen vart han innkalla til teneste i det tsjekkoslovakiske luftvåpenet.

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Etter at Hitler-Tyskland okkuperte Tsjekkoslovakia i mars 1939, flykta Eitinger i november same året, med hjelp frå Odd Nansen. Han hadde sjølv arbeidd for Nansenhjelpen.[2] Ved hjelp av Nansenpass enda han i Noreg og byrja legekarriere og dreiv også privat praksis.

Falstad leir etter frigjeringa i 1945

Då dei tyske okkupantane også kom til Norge vart han i desember 1940 fråteken lisensen fordi han var jøde.[3] Eitinger involverte seg snart i motstandsarbeidet og gjekk i dekning som sagbruksarbeidar på Nesjestranda i Romsdal.[4] På Nesjestranda var det fleire flyktningar frå Tsjekkoslovakia, mellom anna Otto Eisler med familie og familien Lustig. Eitinger vart arrestert i mars 1942 og sat mellom anna i Vollan fengsel og på Falstad. I november 1942 kom toget fra Trondheim for seint til DS «Donau», og jødane frå Trøndelag sat på Bredtvet til dei vart deporterte med «Gotenland» i februar 1943.

Eitinger kom til Auschwitz 4. mars 1943 og der arbeidde han mellom anna på sjukehuset i hovudleiren. Basert på tal frå fangar i innkomande transportar rekna Eitinger med at 85-90 % vart drepne straks dei kom til Auschwitz. I Auschwitz vart han kjent med Elie Wiesel. På sjukestova var han vitne til korleis pasientane vart sorterte. Nokre pasientar vart lagt inn til pleie medan andre med ein gong vart tekne livet av med 10 cm3 karbolsyre sprøyta rett i hjartet. Under SS-lege Friedrich Entress var det spesielt mange som vart drepne på denne måten. Eitinger vart mellom anna sett til å fabrikkere dødsattestar med dødsårsaker for personar som vart avliva, ofte vart papira fylt ut medan pasienten venta på å dødssprøyta. Eitinger meinte tilhøva i leiren vart betre då Rudolf Höß i 1943 vart erstatta av Arthur Liebehenschel som kommandant. Under Liebehenschel var det ingen vilkårlege avrettingar og vaktane fekk forbod mot å slå fangane, ifølgje Eitinger, og dette skapte stor misnøye i SS.[5]

Tidleg i 1945 vart gjenlevande fangar i Auschwitz jaga vestover mellom anna mot Buchenwald. Mellom desse var Eitinger, Samuel Steinmann, Julius Paltiel, Assor Hirsch, Pelle Hirsch og Nathan Fein frå Noreg. Dei norske studentane der fekk mat sendt av Danske Røde Kors og studentane gav det vidare til dei jødane. Steinmann, Paltiel og Hirsch-brørne gøymde seg 6. april 1945 då jødane i leiren vart sorterte ut og avnretta i eit steinbrot. Då ein ikkje-jødisk tsjekkar på Eitingers alder døydde, vart kartotekkorta bytta om slik at Eitinger slapp unna. Nathan Fein forsvann, han vart truleg avretta. Få dagar seinare vart leiren frigjort av amerikanske styrkar. Dei kvite bussane henta ut dei norske studentane i Buchenwald, medan dei fem jødane ikkje fekk vere med og dei kom seg til Danmark på eiga hand.[6][7] Eitinger vitna i straffesaka mot Vidkun Quisling.[8] Han gav også forklaring for Salten forhørsrett om opplevingane i Auschwitz.[9]

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

Leo Eltinger vende tilbake til Noreg i 1945 og tok opp at karriera. Han spesialiserte seg i psykiatri og tok i 1958 den medisinske doktorgraden med ei avhandling om psykiske lidingar mellom flyktningar i Noreg. Han tok del i utviklinga av krisepsykiatri som eit sterkt fag i Noreg.[3] Forskinga hans om overlevande frå konsentrasjonsleirane (KZ-syndromet, 1964) og sjukdom som følgje av ekstremt stress har hatt internasjonal gjennomslagskraft.[4] Han vart professor i psykiatri ved Universitetet i Oslo og leia i ein mannsalder universitetets psykiatriske klinikk, ein forskingsbasert klinikk mellom Blindern og Vindern.[10]

Universitetet i Oslo sin pris for menneskerettar har namnet Lisl og Leo Eitingers pris.[10]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

«Men ingen skulle forveksle hans medmenneskelighet med bløtaktighet. Han hadde sin viljestyrke. Han deltok i forsvaret av sitt tsjekkoslovakiske fedreland da tyske styrker angrep. Han ble trukket inn i den hemmelige motstandsorganisasjon i leirene i krigens sluttfase - freden møtte han med våpen i hånd i leiren. Men først og fremst var han en kjempende jødisk humanist, med klare udogmatiske moralske og etiske imperativer og en dyp respekt for menneskets integritet. Og med rettferdighetens flammende protest i hjertet når dét var nødvendig. Han var én som kunne kjempe for sine forfulgte og diskriminerte medmennesker med tanke og ord. Og med sivilmot: Når de ultrakonservative i Israel sådde vold og høstet hat i sin behandling av palestinerne, kjente han det som skam og svik mot den jødiske oppfatningen av mennesket som skapelsens klenodium - og han sa det.»

Magne Skjæraasen

(Aftenposten 17. oktober 1996)

Eitinger vart utnemnd til kommandør av St. Olavs orden i 1978.[10] I 1988 vann han Fritt Ords Pris[10] «for konsekvent bruk av det frie ord, på vakt mot fremmedhat og intoleranse, med nestekjærlig omsorg for krigens og voldens ofre.»[11] I 1973 vart han æresmedlem Den tsjekkoslovakiske psykiatriske forening som takk for utvikling av kollegiale og vitskaplege samband mellom forskarar i Noreg og Tsjekkoslovakia.

Han var æresmedlem av Det tsjekkoslovakiske medisinske akademi og var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.[3] Han var æresmedlem av Nors psykiatrisk forening.[10]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Fagbøker[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Leo_Eitinger» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Aftenposten (nekrolog) 17. oktober 1996, s. 16
  3. 3,0 3,1 3,2 Bergens Tidende (nekrolog), 20. oktober 1996.
  4. 4,0 4,1 Heiberg, Astrid N., Nils Retterstøl, Lars Weisæth: Leo Eitinger (nekrolog). Aftenposten, 17. oktober 1996.
  5. Bruland, Bjarte: Øyenvitner. Lysaker: Dinamo forlag, 2012, s.90f.
  6. Aftenposten 9.11.05
  7. Ottosen, Kristian: I slik en natt - historien om deportasjonen av jøder fra Norge. Aschehoug, 1995.
  8. Mendelsohn, Oskar: Jødenes historie i Norge gjennom 300 år (bind 2). Unversitetsforlaget, 1987.
  9. Bruland, Bjarte: Øyenvitner. Lysaker: Dinamo forlag, 2012, s.87f.
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 Leo Eitinger, Norsk biografisk leksikon/SNL, lese 25. juni 2017
  11. Fritt Ords Pris 1976–2007, Fritt Ord, arkivert frå originalen 6. oktober 2018, henta 28. juni 2017