Leo Jogiches

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Leo Jogiches

Leo Jogiches (17. juli 186710. mars 1919) (Tyzka) var ein sosialistisk polsk-tysk politikar, og han var med på grunnlegginga av Det tyske kommunistpartiet KPD. Han var fødd i det polske Vilna, no Vilnius i Litauen, og døydde i Berlin.

Jogiches stod Rosa Luxemburg nært, og var medlem i Sosialdemokratiet i Kongeriket Polen og Litauen (SDKPIL). Han var skeptisk til bolsjevikane si linje i det russiske sosialdemokratiet.

Under første verdskrigen levde han i skjul i Berlin. Saman med blant andre Franz Mehring, Karl Liebknecht og Rosa Luxemburg var han med å grunnleggje Spartakusforbundet og 1. januar 1919 Det tyske kommunistpartiet KPD.

Etter den tyske novemberrevolusjonen, under spartakistoppstanden i Berlin, vart Rosa Luxemburg og Karl Liebknecht myrda av høgre-ekstreme frikorps-soldatar. Dette skjedde 15. januar 1919. Etter dette vart Jogiches leiar i partiet. I mars 1919 vart han arrestert, og den 10. mars vart han myrda i fengselet i Berlin-Moabit.

Leo Jogiches hadde til liks med den fremste teoretikaren i partiet, Rosa Luxemburg, vendt seg imot ei leiande rolle for det russiske kommunistpartiet (bolsjevikane) i internasjonal arbeidarrørsle. Først etter han var død begynte KPD å bli meir avhengig av Moskva. På grunn av misnøye med denne innverknaden frå Moskva såg etterfølgjaren til Jogiches, Paul Levi, seg nøydd til å trekkje seg som partileiar, i februar 1921.

Både Jogiches og Levi var døme på ein type tidlege «luxemburgske» kommunistar som var annleis enn den bolsjevikiske typen som sidan vart bestemmande i kommunismen overalt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]