Leon Cooper
| Leon Cooper | |
| Fødd | 28. februar 1930 (83 år) New York i USA |
|---|---|
| Bustad | USA |
| Nasjonalitet | Amerikansk |
| Institusjonar | Brown University |
| Alma mater | Columbia University |
| Doktorgradsrettleiar | Robert Serber |
| Kjend for | Superkonduktivitet |
Leon Neil Cooper (fødd 28. februar 1930) er ein amerikansk fysikar og nobelprisvinnar. Cooper mottok Nobelprisen i fysikk i 1972 saman med John Bardeen og John Robert Schrieffer for deira felles utviklinga av teorien om superleiareigenskapen, mest kjend som BCS-teori
Cooper gjekk ut frå Bronx High School of Science i 1947 og mottok ein Bachelor of Arts i 1951, ein Master of Arts i 1953 og ein filosofisk doktorgrad i 1954 frå Columbia University. Han var eit år ved Institute for Advanced Study og underviste ved University of Illinois og Ohio State University før han kom til Brown University i 1958.
Han har utført forsking ved ulike institusjonar, inkludert Institute for Advanced Study og Den europeiske organisasjon for kjernefysisk forsking (CERN) i Genève i Sveits
Publikasjonar [endre]
- Cooper, L. N. & J. Rainwater. «Theory of Multiple Coulomb Scattering from Extended Nuclei», Nevis Cyclotron Laboratories ved Columbia University, Office of Naval Research (ONR), United States Department of Energy (gjennom forgjengeren [[Atomic Energy Commission|}}, (august 1954).
- Cooper, L. N., Lee, H. J., Schwartz, B. B. & W. Silvert. «Theory of the Knight Shift and Flux Quantization in Superconductors», Brown University, United States Department of Energy (gjennom forgjengeren Atomic Energy Commission), (mai 1962).
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Leon Cooper» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.