Leonard Bernstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Leonard Bernstein i 1971

Leonard Bernstein (25. august 191814. oktober 1990) var ein amerikansk komponist og dirigent.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Bernstein i 1944, 26 år gammal og rett etter debuten med New York Symphony Orchestra

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bernstein kom frå ein jødisk familie frå Rivne i Ukraina. Han vart fødd i Lawrence, Massachusetts og fekk opphavleg fornamnet Louis, etter at bestemora hadde insistert på dette namnet. Foreldra kalla han likevel alltid Leonard og dei endra offisielt namnet då han var 15 år gamal. Faren Sam, som var forretningsmann, var i utgangspunktet ikkje så begeistra for sonen sine musikalske ambisjonar, men tok han likevel med på konsertar. Etter å ha høyrt pianomusikk i tidleg alder, vart Bernstein svært fascinert og tiltrekt av dette. Han fekk utdanning ved The Boston Latin School i piano og latin i 1934, han begynte deretter ved Harvard University der han studerte musikk med Walter Piston. Deretter gjekk han ved The Curtis Institute of Music og tok eksamen i dirigering i 1939.

I 1940 deltok han for første gong på Boston Symphony Orchestra sitt sommarinstitutt, Tanglewood, og han kom til å vere her i ei rekkje år saman med dirigenten og grunnleggjaren Sergej Koussevitskij.

Bernstein si siste framsyning som dirigent skulle vise seg å vere nett ved Tanglewood, heile 50 år etter at han var der første gong. I 1987 vart han tildelt den prestisjetunge Ernst von Siemens’ musikkpris.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Som ung mann i New York, levde Bernstein for si tid ganske ope som homofil, men etter eit stormfullt og intenst forhold, gifte han seg 9. september 1951 med den chilenske skodespelaren Felicia Montealegre Cohn. Dei fekk barna Jamie (1952), Alexander (1955) og Nina (1962).

Det blei hevda at ekteskapet skal ha vore motivert med ynskjet om å unngå sladder og blidgjere det konservative styret for Boston Symphony Orchestra då Bernstein søkte dirigentstillinga. Men Bernstein skal ha hatt eit oppriktig, kjærleg og harmonisk forhold til ektefellen og dei to var gifte så lenge ho levde. Ikkje desto mindre hadde han ein del skjulte utanomekteskaplege kontaktar og budde ein periode hjå vennen Tom Cothran, men han flytta tilbake til ektefellen då ho fekk lungekreft, og budde saman med henne heilt til ho døydde.

Dirigent[endre | endre wikiteksten]

Leonard Bernstein i 1955
27-år gamle Bernstein som dirigent ved New York Philharmonic Orchestra

Kort tid etter at Bernstein hadde blitt tilsett som assisterande dirigent ved New York Philharmonic Orchestra, måtte han debutere 14. november 1943 på svært kort varsel og utan noka øving med orkesteret, då dirigenten Bruno Walter brått blei sjuk med influensa. Bernstein blei raskt ein suksess og populær blant publikum og musikarar. Hans popularitet kom raskt, særleg fordi debutkonserten òg blei send på radio over heile USA.

Solisten var Joseph Schuster, som spelte Richard Strauss sin Don Quixote, eit stykke Bernstein aldri hadde dirigert tidlegare, men Bruno Walter instruerte han i framkant av konserten. Konserten finst på CD.

I 1958 begynte han som musikalsk leier («Music Director») for New York Philharmonic og var i denne jobben fram til 1969. I 1966 hadde han debuten sin ved Wiener Staatsoper, der han dirigerte Dietrich Fischer-Dieskau i Giuseppe Verdi sin opera Falstaff.

Bernstein har hatt ei rekkje engasjement som dirigent, og blei særleg godt likt av musikarane i Wiener Philharmoniker, London Symphony Orchestra og Israels Filharmonske Orkester.

Bernstein er omtykt som ein av dei mest sentrale dirigentane, særleg for tolkinga av musikk av Aaron Copland, Gustav Mahler Johannes Brahms, Dmitrij Sjostakovitsj, George Gershwin (særleg Rhapsody in Blue og An American in Paris).

Hans siste framsyning som dirigent var ved Tanglewood den 19. august 1990, med Boston Symphony Orchestra som spelte Benjamin Britten sin Four Sea Interludes og Ludwig van Beethoven sin Symfoni nr. 7 i A-dur.

Komponist[endre | endre wikiteksten]

Eitt av Bernsteins mest kjende verk er musikken til musikalen West Side Story, men han har ein stor og brei produksjon, som musikalen On the Town, operetten Candide, operaen Trouble in Tahiti, songsyklusen I hate Music og tre symfoniar. Blant dei mest sentrale arbeida hans er:

Scenemusikk[endre | endre wikiteksten]

  • Fancy Free (ballett), 1944
  • On the Town (musikal), 1944
  • Facsimile (ballett), 1946
  • Peter Pan (songar), 1950
  • Trouble in Tahiti (opera i ein akt), 1952
  • Wonderful Town (musikal), 1953
  • On the Waterfront (filmmusikk), 1954
  • The Lark (musikkstykker), 1955
  • Candide (operette), 1956 (ny libretto i 1973, operetten revidert i 1989)
  • West Side Story (musikal), 1957
  • Christopher Fry/The Firstborn (musikkstykke), 1958
  • Mass (teaterstykker for songarar, musikarar og dansarar), 1971
  • Dybbuk (ballett), 1974
  • 1600 Pennsylvania Avenue, (musikal) 1976
  • A Quiet Place (opera i to akter), 1983
  • The Race to Urga (musikal), 1987

Orkestermusikk[endre | endre wikiteksten]

  • Symfoni nr 1, Jeremiah, 1942
  • Fancy Free og Three Dance Variations frå «Fancy Free», uroppført 1946
  • Three Dance Episodes frå «On the Town», uroppført 1947
  • Symphony nr 2, The Age of Anxiety, (etter W. H. Auden) for piano og orkester, 1949 (revidert i 1965)
  • Serenade (etter Platons «Symposium») for solofiolin, strengeinstrument, harpe og slagverk, 1954
  • Prelude, Fugue and Riffs for soloklarinett og jazzensemble, 1949
  • Symphonic Suite frå On the Waterfront, 1955
  • Symphonic Dances frå West Side Story, 1961
  • Symphoni nr. 3, Kaddísj for orkester, blanda kor, guttekor, talar og sopransolo, 1963 (revidert i 1977)
  • Dybbuk, Suites No. 1 og 2 for orkester, konsertpremiere i 1975
  • Songfest: A Cycle of American Poems for seks songarar og orkester, 1977
  • Three Meditations frå «Mass» for cello og orkester, 1977
  • Slava!: A Political Overture for orkester, 1977
  • Divertimento for Orchestra, 1980
  • Halil, nokturne for solofløyte, pikkolofløyte, altfløyte, slagverk, harpe og strengeinstrument, 1981
  • Concerto for Orchestra, 1989 (opphavleg Jubilee Games frå 1986, revidert i 1989)

Kormusikk[endre | endre wikiteksten]

  • Hashkiveinu for solotenor, blanda kor og orgel, 1945
  • Missa Brevis for blanda kor og kontratenor solo, med slagverk, 1988
  • Chichester Psalms for guttesopran (eller kontratenor), blanda kor, orgel, harpe og slagverk, 1965

Kammermusikk[endre | endre wikiteksten]

  • Sonate for klarinett og piano, 1939
  • Brass Music, 1959
  • Dansesuite, 1988

Vokalmusikk[endre | endre wikiteksten]

  • I Hate Music: A cycle of Five Kids Songs for Soprano and Piano, 1943
  • La Bonne Cuisine: Four Recipes for Voice and Piano, 1948
  • Arias and Barcarolles for Mezzo-Soprano, Baritone and Piano four-hands, 1988
  • A Song Album, 1988

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]