Leonard Bloomfield

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Leonard Bloomfield (1. april 188718. april 1949) var ein amerikansk lingvist. Han var ein av dei amerikanske strukturalistane. Hovudverket hans, Language, vart første gongen utgjeve i 1933. Bloomfield dominerte utviklinga av strukturalismen i lingvistikken frå 1930-åra og til han døydde. Han var ein av grunnleggjarane av Linguistic Society of America.

Filosofien hans kan i hovudsak karakteriserast ved at han brukte behavioristiske prinsipp for studiet av meining, ved vekta han la på formelle prosedyrar for analyse av språklege data og ved ei generell vekt på å utstyre lingvistikken med ei sterk vitskapleg metodelære. Frå 1960-talet overtok generativ grammatikk plassen til strukturalismen. Visse lingvistar, som P.H. Matthews, legg likevel vekt på at det er ein større likskap mellom strukturalisme og generativisme enn det dei revolusjonære generativistane ville ha det til.

Bloomfield byrja òg studiet av algonquiansk språk med rekonstruksjonen sin av proto-algonquiansk. Studien hans av dette språket er framleis relevant.

Publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • 1911: "The Indo-European Palatals in Sanskrit". i: The American Journal of Philology 32/1, pp. 36-57.
  • 1914: Introduction to the Study of Language. New York: Henery Holt and Co. ISBN 90-272-1892-7.
  • 1914: "Sentence and Word". in: Transactions and Proceedings of the American Philological Association 45, pp. 65-75.
  • 1916: "Subject and Predicate". i: Transactions and Proceedings of the American Philological Association 47, pp. 13-22.
  • 1917: (with Alfredo Viola Santiago) Tagalog texts with grammatical analysis. University of Illinois studies in language and literature, 3.2-4. Urbana, Illinois.
  • 1924: "Notes on the Fox language". i: International Journal of American Linguistics 3, pp. 219-232.
  • 1926: "A set of postulates for the science of language". in: Language 2, pp. 153-164 (reprinted in: Martin Joos (ed.), Readings in Linguistics I, Chicago and London: The University of Chicago Press 1957, pp. 26-31).
  • 1927: "Literate and illiterate speech". i: American Speech 2, pp. 432-441.
  • 1927: "On Some Rules of Pāṇini". i: Journal of the American Oriental Society 47, pp. 61-70.
  • 1928: Menomini Texts. American Ethnological Society Publications 12. New York. ISBN 0-404-58162-5.
  • 1930: Sacred stories of the Sweet Grass Cree. National Museum of Canada Bulletin, 60 (Anthropological Series 11). Ottawa. ISBN 0-404-11821-6.
  • 1933: Language. New York: Henry Holt and Co. ISBN 0-226-06067-5, ISBN 90-272-1892-7.
  • 1935: "Linguistic aspects of science". i: Philosophy of Science 2/4, pp. 499-517.
  • 1939: "Menomini morphophonemics". i: Travaux du Cercle Linguistique de Prague 8, pp. 105-115.
  • 1939: Linguistic aspects of science. Chicago: University of Chicago Press.
  • 1942: Outline guide for the practical study of foreign languages. Baltimore.
  • 1962: The Menomini language. New Haven: Yale University Press.
  • 1970: Charles F. Hockett (ed.), A Leonard Bloomfield Anthology. Indiana University Press.ISBN 0-226-06071-3.

Referanseverk[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]