Leonard Cohen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Leonard Cohen

Leonard Norman Cohen (fødd 21. september 1934) er ein kanadisk forfattar, låtskrivar og songar busett i Los Angeles.

Han debuterte som poet i 1956 og har sidan utgjeve fleire diktsamlingar, to romanar og ei rekkje musikkalbum. I tillegg til sin eigen diskografi har andre artistar gjort over tusen innspelingar av songane hans. Blant dei mest kjende er «Hallelujah», «Suzanne» og «First We Take Manhattan».

Cohen har gjennom karrieren hatt større suksess i Europa enn heime i Nord-Amerika. Musikken hans er av mange blitt oppfatta som depressiv, noko ein musikkmeldar sette på spissen da han skreiv at platene hans burde seljast saman med barberblad. Etter at stemmeleiet sokk i 1980-åra, har den djupe stemma hans i hop med lyse kvinnelege koristar nærast blitt eit varemerke.

Livsløp[endre | endre wikiteksten]

Leonard Cohen blei fødd inn i ein jødisk mellomklassefamilie i Montreal i Quebec-provinsen. Judaismen har seinare spela ei monaleg rolle i åndsverka hans.

I 1960-åra budde han vekselvis i USA og på den greske øya Hydra, kor han kjøpte hus og etter kvart flytta saman med den norske kvinna Marianne Ihlen, som seinare inspirerte songen «So Long, Marianne». Eit fotografi av ho inni huset pryder baksida av omslaget til plata Songs from a Room. Ihlen hadde tidlegare eit forhold til forfattaren Axel Jensen, som omtala Cohen som Lorenzo i romanen Joacim (1961).

Bøkene til Cohen blei godt mottekne av kritikarar og publikum – men dei betalte ikkje husleiga, som han sjølv formulerte det. Judy Collins overtalte han til å framføre nokre av sine eigne songar offentleg, og i 1967 debuterte han som plateartist på Columbia Records.

I 1986 hadde han ein gjesteopptreden i ein episode av fjernsynsserien Miami Vice.

I 1994 trekte Cohen seg tilbake til Mount Baldy Zen Center i California, eit kloster for rinzai zen-buddhisme. Etter to år blei han ordinert som munk og tok namnet Jikan, den tause. Han forlét klosteret i 1999 og slo seg ned i Los Angeles.

I 2006 utgav kjærasten til Cohen, Anjani Thomas, soloalbumet Blue Alert, som ho skreiv og produserte saman med Cohen.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1956: Let Us Compare Mythologies, dikt
  • 1961: The Spice-box of Earth, dikt
  • 1963: The Favorite Game, roman (på norsk: Yndlingsleken, 1972)
  • 1964: Flowers for Hitler, dikt
  • 1966: Beautiful Losers, roman (på norsk: Skjønne tapere, 1973)
  • 1966: Parasites of Heaven, dikt
  • 1968: Selected Poems: 1956–1968, utvalde dikt (og nokre nye)
  • 1972: The Energy of Slaves, dikt (på norsk: Slavenes energi, 1989)
  • 1978: Death of a Lady's Man, dikt
  • 1984: Book of Mercy, dikt (på norsk: Nådens bok, 1985)
  • 1993: Stranger Music, utvalde (og omskrivne) dikt og songar
  • 2006: Book of Longing, dikt

Musikkalbum[endre | endre wikiteksten]

(alle på Columbia Records)

  • 1967: Songs of Leonard Cohen
  • 1969: Songs from a Room
  • 1971: Songs of Love and Hate
  • 1973: Live Songs
  • 1974: New Skin for the Old Ceremony
  • 1977: Death of a Ladies' Man (først utgjeve på Warner Communications)
  • 1979: Recent Songs
  • 1984: Various Positions (først utgjeve på Passport Records)
  • 1988: I'm Your Man
  • 1992: The Future
  • 1994: Cohen Live (Leonard Cohen in Concert)
  • 2001: Field Commander Cohen: Tour of 1979
  • 2001: Ten New Songs
  • 2004: Dear Heather

Hyllestalbum[endre | endre wikiteksten]

(eit lite utval)

  • 1987: Famous Blue Raincoat, Jennifer Warnes
  • 1991: I'm Your Fan (Tribute to Leonard Cohen), diverse artistar
  • 1993: Hadde månen en søster: Cohen på norsk, diverse kvinnelege artistar akkompagnert av CC Cowboys
  • 1995: Tower of Song: The Songs of Leonard Cohen, diverse artistar
  • 2002: Leonard Cohen på svenska, Jan Erik Lundqvist

Sitat[endre | endre wikiteksten]

  • I don't consider myself a pessimist at all. I think of a pessimist as someone who is waiting for it to rain. And I feel completely soaked to the skin. (The Daily Telegraph 1993)
  • Now, I don't want to give you the impression that I'm a great musicologist, but I'm a lot better than what I was described as for a long, long time; you know, people said I only knew three chords when I knew five. (BBC Radio 1FM 1994)
  • I feel that, you know, the enormous luck I've had in being able to make a living, and to never have had to have written one word that I didn't want to write, to be able to have satisfied that dictum I set for myself, which was not to work for pay, but to be paid for my work – just to be able to satisfy those standards that I set for myself has been an enormous privilege. (same)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]