Leonid Brezjnev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leonid Brezjnev

Fødd19. desember 1906
Kamijanske
Død10. november 1982 (75 år)
Statsborgar avSovjetunionen
PartiSovjetunionens kommunistiske parti (24. oktober 1931; 10. november 1982)
Yrkepolitikar, ingeniør, militær, geodet
Utdanna vedDniprodzerzjynsk tekniske statsuniversitet
MorNatalia Denisovna Brezhneva
FarIlya Yakovlevich Brezhnev
EktefelleViktoria Bresjneva
BarnJurij Bresjnev, Galina Bresjneva
MedlemPolitbyrået i Sovjetunionen
Alle verv

Leonid Iljitsj Brezjnev (med eldre norsk transkripsjon Bresjnev) (19. desember 190610. november 1982), russ. Леонид Ильич Брежнев, var ein sovjetisk politikar og øvste leiar som generalsekretær i Det sovjetiske kommunistpartiet etter Nikita Khrusjtsjov frå 1964.

Bresjnev var fødd i Kamenskoje i Ukraina som son av ein stålarbeidar. Han var etnisk russisk, men hadde heile livet ein ukrainsk svip over russisk uttale og vanar.

Bresjnev si styringstid var mellom anna prega av politiske innstrammingar i forhold til dei friare tilhøva under Khrustsjov, samstundes som landet rusta opp militært sett. Bresjnev var ansvarleg for invasjonen av Tsjekkoslovakia i 1968, og okkupasjonen av Afghanistan i 1979.

Frå iallfall 1973 hadde Bresjnev alvorlege helseproblem. Dei siste åra av livet var han svært svekt etter fleire hjerneslag, og han skal ha vore klinisk død ved fleire høve.

Jurij Andropov etterfylgde i 1982 Bresjnev som øvste leiar av Sovjetunionen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]