Leonid Volosjin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leonid Volosjin
Fødenamn russisk Леонид Анатолъевич Волошин)
Statsborgarskap Russland, Sovjetunionen
Fødd 30. mars 1966 (58 år)
Vladikavkaz
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Leonid Anatoljevitsj Volosjin (fødd 30. mars 1966) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Krasnodar, som fram til 1991 tevla for Sovjetunionen. Han deltok både i tresteghopp og lengdehopp. Volosjin vart europameister i tresteghopp i 1990 og tok VM-sølv i same øvinga både i 1991 og 1993. Hans personlege rekord i tresteghopp lyder på 17,75 meter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Volosjin sitt gjennombrot kom då han under OL 1988 i Seoul vart nummer åtte i lengdehopp. Ved EM 1990 i Split deltok han i tresteg og vann gullmedaljen med eit hopp på 17,74 meter. I 1991 gjorde han sitt livs lengste tresteghopp, 17,75 meter, under verdsmeisterskapen i Tokyo. Han tok då sølvmedaljen i VM, gullet gjekk til Kenny Harrison frå USA som overgjekk Volosjin med tre centimeter.

Under sommar-OL 1992 i Barcelona kom Volosjin på fjerdeplassen i trestegtevlinga. Med 17,32 m mangla han fire centimeter på Frank Rutherford og bronsemedaljen. Året etter var det klart for VM 1993 i Stuttgar. Her tok Volosjin som to år tidlegare ein sølvmedalje, lengstehoppet mælte 17,65 m, noko som var 21 cm kortare enn vinnarhoppet til Mike Conley frå USA.

I sin siste internasjonale meisterskap, innandørs-EM 1994, vann Volosjin gullmedalje.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]