Leopard
| Leopard | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Mammalia | |
| Orden: | Carnivora | |
| Familie: | Felidae | |
| Slekt: | Panthera | |
| Vitskapleg namn | ||
| Panthera pardus | ||
Leoparden er det mest tilpasningsdyktige av dei store kattedyra. Han lever overalt frå dampande tropisk regnskog og tørre savannar i Afrika til over tregrensa i Himalaya. Best trivst han når han har tilgang på tre å sova i og jakta frå.
Heilt svarte leopardar blir kalla pantrar.
| Leopard | |
| Namn på andre språk | |
|---|---|
| Svensk | Leopard |
| Dansk | Leopard |
| Engelsk | Leopard |
| Tysk | Leopard |
| Fransk | Léopard |
| Spansk | Leopardo |
| Russisk | Leopard (Леопард) |
Innhaldsliste |
Skildring [endre]
Leopardar har ei kroppslengde på 100-190 cm og veg mellom 30 og 70 kg. Hannen er om lag 50% større enn hoa. Det mest karakteristiske kjenneteiknet til leoparden er den flekka pelsen, sjølv om nokre (pantrar) er heilt svarte.
Utbreiing [endre]
Leoparden levar i heile Afrika sør for Sahara, i tillegg til sør på den arabiske halvøya, India, Kina og søraust-Asia. Tidlegare fann ein dei òg så langt nord som den russiske grensa mot Nordishavet. Når det kjem til habitat er leopardane meir tilpasningsdyktig enn noko anna kattedyr i den gamle verda; då ein kan støyta på dei frå halvørken til tropisk regnskog til høgfjell og alt i mellom.
Åtferd [endre]
Leoparden er ein einsam, nattaktiv jeger som følgjer den same teknikken som dei fleste andre kattedyra: Han ligg på lur eller snik seg inn på byttet før han avsluttar med nokre raske byks. Han utmerker seg òg som ein dyktig klatrar, og lagrar ofte bytte i tre for å unngå at det vert teke av åtseldyr. Leoparden går vanlegvis på små til mellomstore dyr og fuglar, noko som skil han frå dei andre store kattedyra i slekta Panthera.
Kjelder [endre]
- Verdens dyr, Cappelen 1985