Leopold II Maximilian av Anhalt-Dessau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Leopold II Maximilian, fyrste av Anhalt-Dessau (fødd 25. desember 1700 i Dessau, død 16. desember 1751 same stad) var ein tysk fyrste frå Huset Askanien og herskar i fyrstedømet Anhalt-Dessau. Han var òg ein general i Preussen.

Han var den andre sonen av Leopold I av Anhalt-Dessau, som vart kalla «Gamle Dessauer» (der alte Dessauer) av den morganatisk kona si Anna Louise Föse.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Berre ni år gammal vart Leopold med far sin i militærteneste i den prøyssiske hæren. I 1715 fekk han tittelen oberstløytnant som leiar av Infanteriregiment nr. 27 av Stendal. I 1733 leia han dei prøyssiske styrkane ved byen Mühlhausen i Thüringen under den første schlesiske krigen.

Då den eldste broren, arvefyrsten Vilhelm Gustav, døydde i 1737, vart Leopold den nye arvingen til Dessau. Vilhelm Gustav var då alt gift og hadde ni born, men kona var ikkje adeleg og på grunn av dette vart han nekta etterfølgjar. Etter at faren døydde i 1747 arva derfor Leopold Anhalt-Dessau.

Leopold var ein av dei beste underordna generalane til Fredrik II og skilde seg ut med å erobre Glogau i 1741, og for dugleiken han viste som leiar i slaga ved Mollwitz, Chotusitz (der han vart Generalfeldmarschall på slagmarka), Hohenfriedberg og Soor.

Leopold var gift med Gisela Agnes og til saman fekk dei sju born, mellom anna Leopold III Fredrik Frans, som etterfølgde faren som fyrste av Anhalt-Dessau.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]