Leppebjørn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Leppebjørn

Status i verda: VU Sårbar

Lippenbaer-24.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Carnivora
Familie: Ursidæ
Slekt: Melursus
Vitskapleg namn
Melursus ursinus
Leppebjørn
Namn på andre språk
Svensk Läppbjörn
Dansk Læbebjørn
Engelsk Sloth Bear, Labiated Bear
Tysk Lippenbär
Fransk Ours lippu, ours paresseux, ours de miel, ours à longues lèvres
Spansk Oso bezudo, oso labiado, oso perezoso
Russisk Gubatsj (Губач)

Leppebjørnen (Melursus ursinus) er ein mellomstor bjørneart som held til på det indiske subkontinentet frå Sri Lanka til Nepal. Bjørnen har lang pels og er nattaktiv. Han er den einaste arten i slekta Melursus. Leppebjørnen kan minna om asiatisk svartbjørn, men dei er ikkje nært i slekt.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Leppebjørnen veg 80–150 kg og har ein lengde på 140–190 cm. Hoa er litt mindre enn hannen. Pelsen er lang og kan variera frå svart til kastanje i farge med nokre brune eller grå hår. Snuten er kvitleg og nasen svart, medan dyret har ei y-forma markering på brystet med same farge som snuten.

Bjørnen er bygd for å grava ut insekt frå tuer, under jorda og inne i tre. Store føter med enorme klør som vender innover er gode gravereiskapar. Luktesansen er velutvikla, mens synet og høyrsla er dårlege. Snuten er særskild utvikla for å suga termittar ut av tuene sine. Han er lang og rørleg, manglar framtenner oppe, og har nakne lepper, som har gjeve bjørnen namnet sitt. Leppebjørnen kan òg eta smådyr, andre insekt, frukt og anna.

Leveområde[endre | endre wikiteksten]

Leppebjørn i eit tre i nasjonalparken Yala på Sri Lanka.
Ein leppebjørn i dyreparken i Washington, DC.

Det naturlege leveområdet til bjørnen er i skogar i låglandet i India, Nepal, Bangladesh og Sri Lanka, med nokre observasjonar frå Bhutan. Det ein gong talrike dyret er blitt sjeldan, og ei tid trudde ein at bjørnen var utrydda. Totalbestanden i dag blir rekna til å vera 7 000-10 000 individ.

Det finst mellom 170 og 200 bjørnar i dyrehagar, og på grunn av problem mellom bjørnar og menneske kjem stadig nye dyr i fangenskap. Desse blir mellom anna brukt til avl for å sikra arten.

Bjørnen liker best naturlege grasmarker og skogsområde. Slike stader er i ferd med å bli borte, og saman med tjuvjakt som forsyner den alternative medisinmarknaden gjer det leppebjøren til ein truga art. Det at bjørnen kan vera aggressiv mot menneske hjelper heller ikkje framtidsutsiktene hans.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Det nattaktive dyret søv i jordholer om dagen, særleg ved elvebreidder. Bjørnane søv ikkje om vinteren, men har ein kvileperiode i regntida. Dei skil seg frå dei fleste andre bjørnar ved å vera sosiale dyr som trivst i selskap med kvarandre.

Leppebjørnane parar seg i mai–juli. Paringa tek 2–7 dagar og inneber ofte mykje støy. Binna er drektig i 6–7 månader og får kull på 1–3 ungar. Bjørnen føder i jordholer og ungane held seg i hiet til dei er tre månader gamle. Deretter følgjer dei mora i to til tre år, ofte ved å sitja på ryggen hennar.

Bjørnen påverkar økosystemet sitt ved å spreia frukttre gjennom å eta fruktene deira, og ved å halda termittbestanden nede.

Bjørn og menneske[endre | endre wikiteksten]

Leppebjørn i fangenskap i Pushkar.

Bjørnetemming har lange tradisjonar i India, og leppebjørnar er blitt fanga og trente til å opptre som «dansande bjørnar» av dei nomadiske kalandarfolka. Praksisen med å trekka ei snor gjennom snuten på bjørnen og tvinga han til å opptre for folk blir i dag rekna som dyreplageri, og er i dag ulovleg i India.

I den alternative medisinen er det særleg galleblæra på bjørnen som blir verdsett.

Bjørnen er vanlegvis fredeleg, men er meir aggressiv enn andre bjørnar. Han er kjent for å forsyna seg av avlingar, og blir han forstyrra av menneske då kan han gå til åtak. Situasjonen har blitt verre etter kvart som fleire menneske har busett seg og dyrka land i bjørneområde. I tida 1989–1994 blei det registrert 735 åtake på menneske frå leppebjørn; 48 av desse førte til at menneska døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunsstofff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Leppebjørn