Lerk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lerk


Lerk om hausten
Lerk om hausten

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Pinophyta
Familie: Furufamilien Pinaceae
Slekt: Larix
Miller
Lerk
Namn på andre språk
Svensk Lärk
Dansk Lærk
Engelsk Larch
Tysk Lärche
Fransk Mélèze
Spansk Alerce
Russisk Listvennitsa (Лиственница)

Lerk (Larix) er ei slekt i furufamilien. Lerkeslekta har om lag 10-14 art ar som veks naturleg i temperererte strok på den nordlege halvkula. Lerka er det einaste treet i furufamilien som feller nålene om hausten.

Lerk i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Det kan ha funnest lerk i Skandinavia i tida like etter siste istid, men av ukjende grunner forsvann ho.

Europeisk lerk vart planta på garden BremsnesAverøya i 1789. Dette er rekna som det første organiserte skogreisinga i Noreg. Sidan vart europeisk lerk planta ut ei rad stader i Noreg utover 1800-talet. Mange av dei eldste plantingane har ført til at lerken har naturalisert seg. Den mest kjende lerkeskogen ligg i TingvollNordmøre.

Seinare er det planta både sibirsk lerk og japansk lerk. Lerk har etter kvart fått ei vid geografisk utbreiing i Noreg. Om lag 16 millionar lerkeplantar er rapportert utplanta til no, og arealet med lerk er estimert til om lag 30 000 dekar. Sibirk lerk er den vanlegast brukte arten av lerk i Nord-Noreg, Trøndelag og i fjelltraktene på Sør- og Austlandet. Japanlerk og hybridlerk er først og fremst brukt i kyststrok vestafjells og på Sørlandet, medan europeisk lerk er mest bruka på Sør- og Austlandet.

Lerkevirket har mange gode eigenskapar. Kjerneveden har høgt innhald av harpiks og tjærestoff og er nesten like varig som trykkimpregnert furu. Tømmerkvaliteten blir likevel ofte redusert av tennar fordi stammen kan vere er skeiv eller slyngete. Den er utsett for å verte skada av lerkekreft, men den japanske lerka er så godt som immun mot sjukdommen.

Lerk veks fort i ungdommen, og det er mykje bruka som prydtre.

Artar i lerkeslekta[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lerk