Lervig Aktiebryggeri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lervig

Lervig sin produksjonshall på Hillevåg
Org.nr.920927505
Skipa2003
LandNoreg

Lervig Aktiebryggeri er eit Stavanger-bryggeri, stifta på forsommaren 2003 som ein reaksjon på at Tou Bryggeri blei kjøpt opp av Ringnes og flytta produksjonen til Oslo. Bryggeriet leverte dei første produkta 4. juli 2003, produsert av Mack i Tromsø. Den 15. september 2005 flytta produksjonen til Vierveien i Hillevåg.

Lervig produserer ulike pilsnertypar, kveiteøl, ale, og eplemost, blant dei: Grusomme (pilsner), Herlige (pilsner), White Dog (kveiteøl), Lucky Jack (american pale ale), Betty Brown (norsk brown ale), Nydelige (sommarøl) og Gledelige (juleøl).

Bryggeriet har dei siste åra fått fleire utmerkingar for ølet sitt, mellom anna beste sommarøl i VG 2008 og beste lyse øl i Apéritif 2008.[treng kjelde]

Største aksjonærar er Kristoffer Stensrud og Macks Ølbryggeri, i tillegg til ei rekke lokale investorar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]