Les Diablerets

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Diablerets
fjell
Nordsida av Les Diablerets, frå venstre: Oldenhorn, Scex Rouge og den lange ryggen til høgaste toppen
Land  Sveits
Fjellkjede Bern-Alpane
Høgd 3 210 moh.
Primærfaktor 959 m ↓ Finsteraarhorn
Koordinatar 46°18′14″N 7°11′21″E / 46.30389°N 7.18917°E / 46.30389; 7.18917
Kart
Les Diablerets
46°18′14″N 7°11′21″E / 46.303888888889°N 7.1891666666667°E / 46.303888888889; 7.1891666666667
Wikimedia Commons: Les Diablerets (massif)

Les Diablerets er eit 3 210 m høgt fjell i Bern-Alpane i Sveits. Fjellet ligg i kantonen Vaud, vest i landet, og er det høgaste punktet i kantonen. Til vanleg vert Les Diablerets nytta som namn på heile fjellmassivet, som elles har fleire toppar enn sjølve hovudtoppen av Les Diablerets. Desse er:

  • Oldenhorn
  • Tête Ronde
  • Scex Rouge
  • Tour St. Martin (Quille du Diable)
  • Culan

Les Diablerets har to isbrear. Ein liten bre, Glacier des Diablerets, som ligg kring toppen av fjellet, og ein mykje større; Glacier de Tsanfleuron.

Ein skiutfartsstad med same namnet, Les Diablerets, ligg ved fjellet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]