Lesja kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lesja kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 0512
Fylke Oppland
Adm.senter Lesja
Areal 2 257 km²
Folkemengd 2 145 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011) Steinar Tronhus (Ap)
Målform Nøytral
Nettstad www.lesja.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 0512.svg
Lesja kommune på Commons
Kart over Lesja kommune
Lesja bygdemuseum
Foto: Gunhild Hansen
Bjorli stasjon

Lesja kommune ligg i Oppland og grensar i nord til kommunane Nesset, Sunndal og Oppdal, i aust til Dovre, i sør til Vågå og Lom, i sør og vest til Skjåk, og i vest til Rauma.

Busetting[endre | endre wikiteksten]

Busetnaden ligg i hovudsak på 500 til 650 meters høgd langs Raumabanen og E136. Dei fleste innbyggerane bur i grendene Lesja, Lora, Lesjaverk, Lesjaskog og på Bjorli.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Hovudnæringa i kommunen er landbruk. Nær 30 % av dei yrkesaktive i kommunen arbeider innan jordbruk. I dei siste tiåra har turisme blitt meir og meir viktig. Utbygging av hytter har skjedd på Bjorli og området rundt Lesjaskogsvatnet. Bjorli skisenter er eit viktig trekkplaster for Sunnmøringar og Romsdølar. Om sommaren køyrer NSB turisttog frå Åndalsnes til Bjorli.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Jarnbana Raumabanen og hovudvegen frå Austlandet til Sunnmøre og Romsdal, Europaveg 136, går gjennom kommunen. Toga stoppar på Bjorli stasjon og om det trengst på Lesja stasjon. Det er ikkje togstopp på dei nedlagde Lesjaskog stasjon og Lesjaverk stasjon. Stasjonsbygget på Bottheim er fjerna.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Størsteparten (82 %) av kommunen ligg over 900 m. over havet. Busetnaden ligg i hovudsak på 500 til 650 meters høgde langs Raumabana og E136. Mykje av fjellterrenget ligg over 1500 m o.h., med dei høgste toppane i sørvest (t.d. Gråhø (lokalt namn Løyfthøe) 2014 m o.h. og Digerkampen 1956 m o.h.) og i nordaust (Storstyggesvånåtinden 2209 m o.h.). Platåbreen Storbrean på grensa mot Skjåk er den største isbreen i kommunen, det er mange andre mindre brear og fonner som gjer at vassføringa i dei fleste vassdraga er jamn gjennom heile sommaren.

Lesjaskogsvatnet ligg i kommunen, dette vatnet har to utløp som utgjer byrjinga på elvene Gudbrandsdalslågen og Rauma.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Lesja har innlandsklima med lite nedbør, kalde vintrar, relativt varme somrar og betydelegeskilnader mellom dag- og nattetemperatur i sommarhalvåret. Normalverdiar for perioden 1961−1990 er gitt i tabellen nedanfor.

Normaler for Lesja (572 moh.)[2] Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Temperaturnormal (°C) −9,2 −8,3 −4,1 0,7 6,6 10,6 12,2 11,1 6,8 1,8 −4,0 −8,1 1,3
Nedbør (mm) 35 27 24 15 20 40 50 42 37 40 35 45 410

Lesja innehar kulderekorden for Oppland fylke. På Lesjaskog blei det målt −45,0 grader 6. januar 1982. [3]

Tusenårsstad[endre | endre wikiteksten]

Lesja jernverks hovudgård anno 1752. Eiger Hans Holmboe d.y.

Kommunens tusenårsstad er Tunstugu som ligg på Lesja Bygdemuseum. Stua rommer kafé og utstillingslokale for museet. I mange samanhengar er dette bygdas storstue, som blir nytta til bryllup, gravferder, store arrangement osv.

Vennskapskommune[endre | endre wikiteksten]

Lesja kommune inngjekk den 29. oktober 2006 ein vennskapsavtale med Marijampole kommune i Litauen.

Kjente lesjingar[endre | endre wikiteksten]

Verdt å sjå i Lesja kommune[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kjelland, Arnfinn (1987–96) Bygdebok for Lesja – Lesja kommune (3 bd.), Lesja.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]